Søk no!

Neste søknadsfrist er 15. april

Les meir her

Bli journalist på seks månader

Noregs mest effektive opplæring i avisjournalistikk

Løn under heile opplæringa

Praktikantløn er betre enn studielån

Velg kvar du vil ha praksis

4 månader praksis i Firda + 2 månader i sjølvvald avis

0

To opptak i året

0

Praktikantar per kull

0

Praktikantar til no*

0

Har journalistjobb*

* Statusrapport mars 2017

Nøgde redaktørar

Drøymer du om å bli journalist?

Les her, og søk!

Sidan starten i 2013 har vi lært opp 28 praktikantar. Nesten alle jobbar i dag med journalistikk, kommunikasjon eller språk. Opplæringa er svært praktisk retta, med produksjon for Firda Media frå første veke. Firda Media er Noregs største dagsavis på nynorsk, og mediehuset er langt framme når det gjeld digital satsing. Sjølv om det er krevjande tider i mediebransjen, dukkar det stadig opp spennande jobbar.

Raskt ut i arbeidslivet

For deg som vil bli journalist og har lyst å skrive nynorsk, kan du her få ei praktisk retta utdanning på berre seks månader.

Ekstern praksis

Tidlegare praktikantar har vore i aviser som Klassekampen, Bergens Tidende, Sunnmørsposten, Jærbladet, Strilen, Hordaland, Dalane Tidende, Sunnhordland og Hallingdølen.

Vi tilbyr

  • Fire månader teori og praksis i Noregs største nynorskavis, Firda Media, deretter to månader i ein sjølvvald redaksjon
  • Praktikantløn i heile læretida
  • Produksjon av nyhendeartiklar, reportasjar og bloggar
  • Video, foto, frontredigering, sosiale medium, digital forteljarteknikk
  • Rettleiing frå eigen mentor og andre erfarne journalistar
  • Førelesingar i språk, presseetikk og journalistisk metode
  • Godt miljø med høg digital kompetanse
  • Samarbeid med NRK Nynorsk mediesenter
  • Attest frå Nynorsk avissenter og ekstern praksisavis
  • Vi hjelper til med å skaffe bustad i Førde

Du har

  • Lyst til å skrive nynorsk og vil bli journalist
  • Samfunnsinteresse og -engasjement
  • Stå-på-vilje, likar utfordringar og høgt tempo
  • Evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre
  • Vi tek inn søkjarar med ulik bakgrunn og utdanning
  • Vi ønskjer søkjarar frå heile landet, også med fleirkulturell bakgrunn

Vil du vite meir? Kontakt dagleg leiar i Nynorsk avissenter, Ivar Myklebust Longvastøl.
Ring 911 49 813, eller send ein e-post.

Søk no!

Skriv ein søknad der du fortel om deg sjølv og kvifor du vil bli nynorskpraktikant.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Søknaden skal innehalde vitnemål, CV, attestar og referansar.

Søk innan 15. oktober eller 15. april.

Neste kull startar 21. august 2017.

Søk her!

Krafttak for nynorsken

Om oss

Nynorsk avissenter er eit opplærings- og kompetansesenter for aviser som brukar nynorsk. Firda Media starta hausten 2013 senteret med økonomisk støtte frå Vinjefondet i Kulturdepartementet, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge, Sogn og Fjordane fylkeskommune og aviskonsernet Amedia som eig Firda Media.

For 2017 har staten løyvt 2,8 millionar kroner til drift og utvikling av Nynorsk avissenter. Amedia/Firda Media støttar drifta med 0,6 millionar kroner.

Nynorsk Avissenter samarbeider med NRK Nynorsk mediesenter som har fått fram over 100 nye nynorskbrukande journalistar. Til saman er dei to sentra eit kraftfullt tiltak for meir og betre nynorsk i media. I Sogn og Fjordane er nynorsk eit levande kvardagsspråk og såleis ein naturleg plass for ei slik satsing.

Finn oss her

Adresse

Firdavegen 12, 6800 Førde

Telefon

+47 911 49 813