Nynorskpraktikantane får jobb

Ina Eirin Eliassen frå Ål og Marius Myklebust frå Ulsteinvik har sikra seg fast journalistjobb i to nynorskaviser på Sunnmøre.

Alle praktikantane som har vore innom Nynorsk avissenter, arbeider i dag i media- og informasjonsbransjen. Trass i kraftig nedbemanning i avisene, har to av dei åtte fått fast jobb som journalistar. Dei andre har sikra seg kortare eller lengre vikariat på inntil eitt år.

Gratulasjon

Hatten av og gratulasjon til Ina Eirin Eliassen og Marius Myklebust som begge har fått fast tilsetting i to nynorskaviser på Sunnmøre. Ina Eirin, som gjekk på første kull i Nynorsk avissenter, har praktisert i Hallingdølen før ho i august tok til i fast jobb som journalist i avisa Sunnmøringen på Stranda.

-Eg gler meg til å bli kjent med og lære av den sunnmørske entreprenørskapen, seier Ina Eirin som tok ein master i internasjonale studiar før ho bestemte seg for å satse på journalistikken.

Marius Myklebust frå Ulsteinvik har arbeidd som journalist i Sunnmørsposten etter at han var ferdig med opplæringa i Firda og Nynorsk avissenter. No er han på plass i ei fast stilling i avisa Møre-Nytt i Ørsta der han først og fremst skal redigere og utvikle nettavisa til Møre-Nytt.

-Nettjournaliststikken fasinerer meg. Aldri før har journalisten hatt så mange effektive verkty for å få tak i rask og relevant informasjon. Dette gler eg meg til prøve ut på heiltid, seier Marius som har master i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen.

Journalist på heimebane

Kristine M. Stensland frå Bryne har arbeidd i Jærbladet etter opplæringstida i Førde. No har ho sikra seg eit års vikariat på heiltid i Gjesdalsbuen som er lokalavis for Gjesdal og Figgjo. Også Marit Brennset frå første kull har sikra seg jobb eit år fram i tid. Ho har nettopp teke til som informasjonsarbeidar i Sogn og Fjordane fylkeskommune på Hermansverk.

Sunnfjordingane Camilla Aasen Bøe og Frode Grimelid frå kull to har skaffa seg journalisterfaring i Bergens Tidende og Klassekampen før dei kom tilbake til Firda som sommarvikarar. Her har dei gjort så godt arbeid at redaktør Yngve Årdal har forlenga engasjementet fram til årsskiftet.

Skrivekløe i blodet

Siri Helle frå kull 2 har vore journalist i vekeavisa Dag og Tid i sommar. Ho skal halde fram å skrive for avisa og debuterer i september på Det norske Samlaget med boka «Handle rett» om ernæring og smart kosthald.

Thea Idsøe frå Stord og kull 1 valde også å prøve seg som journalist i heimbygda etter opplæringa i Førde. Ho har vore journalist i avisa Sunnhordland før ho i haust tok fatt på masterstudiet i nordisk språk og litteratur. I tillegg til studiane, skal ho ta vakter i redaksjonen i Sunnhordland.

-Skrivinga har gått i blodet, eg klarer ikkje å sleppe journalistpennen, seier Thea Idsøe. Ho heldt avsluttingstalen i Ivar Aasen-tunet under markeringa av Språkåret 2013.