Journalisten må ta saka heilt i mål

Cecilie, Emte og Erlend på nettdesken i BT. Frontsjefane Ane Børhaug og Ken Rossland avgjer korleis framsida – fronten – på bt.no skal sjå ut. Nyhendesjef Jan Stian Vold vil ha journalistar som kan manøvrere i informasjonsflaumen. Foto: Ivar M. Longvastøl 

Det er ikkje lenger nok at journalisten har ein idé og skriv ein god artikkel. I 2015 må journalisten ta saka heilt i mål.

Bodskapen frå  nyhenderedaktør Jan Stian Vold i Bergens Tidende var klar då han tok i mot praktikantane frå Nynorsk avissenter nyleg.

Å ta saka heilt i mål betyr å tenke og bruke dei moglegheitene som ny programvare, ny teknologi og nye plattformer gir. Kva må til for å nå fram med bodskapen? Kva kan eg gjere for å involvere lesaren?

– Variert og gøyare

Journalisten skal også selje saka si på sosiale medium – og vere klar til å svare og følgje opp når det kjem innspel frå lesarane. Først då er jobben gjort.

– Med nedbemanning i redaksjonane kan ikkje journalisten støtte seg på andre like mykje som før. Dette kan vere krevjande, men også meir variert og gøyare, sa Vold.

Han snakka varmt om datastøtta journalistikk, og om å kunne manøvrere i informasjonsflaumen.

– Journalistar som kan hente og samanstille informasjon vil vere ettertrakta, sa  redaktøren.

Bør ha ein plan B

Storavisa på Vestlandet skal kutte 25-30 stillingar i redaksjonen om kort tid. Kvar femte må slutte. Journalistane går og ventar på forslag om korleis dette skal gjerast, og stemninga er spent.

– Dei som vil bli journalistar i dag, må verkeleg brenne for det, og dei bør ha ein plan B, sa Vold til praktikantane.

Forklarande journalistikk

Besøket i BT var dagen etter ei helg med høg trafikk på nettet, der saka «Kan du kjøre i rundkjøringer?» var klikkvinnaren.  Frontsjef Ane Børhaug fortalde korleis dei jobbar og prioriterer på nettdesken – og ho demonstrerte ulike måleverktøy.

Reportasjeleiar Henrik Uhlving fortalde korleis avisa brukar nett-TV, og politisk journalist Gerd Margrete Tjeldflåt orienterte om satsinga påforklarande journalistikk gjennom Brif-prosjektet.

Sjefredaktørens trekant

Bergens Tidende har fått ny sjefredaktør i haust, Øyulf Hjertenes. Sjefen har innført Øyulfs trekant, som journalistane skal styre etter.

Øyulfs tre krav er at saka er så god og pirrande at ho utløyser sal av nye abonnement, at ho fører lesarane til bt.no som førsteval, og at innhaldet er vesentleg.

– Viss ikkje saka oppfyller minst eit av desse krava, så er det ikkje ei sak for BT, fastslår sjefredaktøren.