Topp forelesarar i Førde

Presseetikk med Svein Brurås. Her får deltakarane prøve seg i rolla som Pressens Faglige Utvalg (PFU). Foto: Ivar M. Longvastøl

Nynorsk avissenter og NRK Nynorsk mediesenter tilbyr ein ny runde med gratis kurs i Førde for etablerte journalistar. 

– Vi har nokre av Noregs fremste fagpersonar innan presseetikk, sosiale medium, digital forteljarteknikk og featurejournalistikk som førelesarar. Dette er kurs for nynorskpraktikantane i NRK og Nynorsk avissenter, men vi tilbyr også nokre få plassar til andre journalistar som skriv nynorsk, seier Ivar Myklebust Longvastøl, dagleg leiar i Stiftinga Nynorsk avissenter.

Når kjeldene byr opp til dans/Kritisk til makta

Helge Johnsen, journalist og kommentator i Firda, føreles og viser døme på kor gale det kan gå viss ein slurvar med kjeldekritikken. Asgeir Heimdal Reksnes, journalist på NRKs lokalkontor i Nordfjord, fekk nyleg presseprisen i Sogn og Fjordane for å avdekke alvorlege arbeidsuhell ved Nordfjord Kjøtt, og han fortel mellom anna om arbeidet med desse avsløringane. Måndag 22. februar i Firda.

Journalistikk og sosiale medium

Eirin Larsen, journalist og SOME-ansvarleg i NRK Rogaland, legg vekt på kvifor, kva, korleis og når ein bør publisere på sosiale medium. Ho syner også korleis ein kan nytte SOME til research for tips, fakta, bilde og kjelder. Onsdag 24. februar i NRK Sogn og Fjordane.

Digital forteljarteknikk

Tord Selmer-Nedrelid, redaksjonell utviklar i Amedia viser verktøy (programvare) og molegheiter for digital forteljarteknikk i journalistikken. Det er ein fordel, men ikkje noko krav, om deltakarane har med ein idé, tips eller ei konkret sak som dei kan utvikle og presentere digitalt. Tysdag 1. mars i Firda.

Presseetikk

Ved professor Svein Brurås, Høgskulen i Volda. Brurås er ein av Noregs fremste på presseetikk. Deltakarane får prøve seg på konkrete pressetiske dilemma. Brurås  tek for seg prinsippa i presseetikken opp mot lovverket, og han kjem inn på endringane i Ver varsam-plakaten og utfordringane for pressa i økonomiske nedgangstider. Fredag 18. mars i Firda.

Den levande reportasjen

Ved Katrine Sele, journalist, forfattar og informasjonsrådgjevar på Høgskulen i Sogn og Fjordane. Katrine Sele inspirerer til å finne og fortelje dei sterke og viktige historiene som finst rundt oss, og ho deler metodane ho nyttar. Sele har fått ei rekkje prisar, m.a. Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar, og ho har skrive éin biografi og fleire reportasjebøker. Tysdag 29. mars i Firda.

Kan journalisten vere idealist?

Ved dokumentarfilmskapar og journalist Erling Borgen. Erling Borgen er ein svært erfaren journalist som frå 1999 har drive sitt eige produksjonsselskap. Han er også professor i samfunnskritisk dokumentarisme ved Høyskolen i Lillehammer. Måndag 18. april i NRK Sogn og Fjordane.

Påmelding til Ivar M. Longvastøl, e-post ivar@firda.no eller på telefon 911 49813.