Pressepris for digital presentasjon

Ingvild Rørtveit Myklebust var praktikant i Nynorsk avissenter for eitt år sidan. Praksisperiode og sommarjobb i Jærbladet etterpå gav pressepris. No jobbar ho i avisa Ryfylke i Sauda. Foto: Bent Are Iversen 

Sentrumsplanen for Bryne verka tørr og kjedeleg, men tre journalistar i Jærbladet tok grep – og sikra seg journalistpris.  

– Det var utruleg stas å få sin første journalistpris, fortel Ingvild Rørtveit Myklebust, praktikant i Nynorsk avissenter i fjor vår, med ekstern praksis og sommarjobb i Jærbladet.

Digitalt forbilde

Trioen fekk prisen for beste digitale presentasjon i Nordsjø Media i 2015.

– Dekkinga er eit digitalt forbilde, skriv juryen i grunngjevinga.

Det privateigde mediekonsernet tel ni aviser i Rogaland og Vest-Agder; Gjesdalbuen, Lyngdal Avis, Sandnesposten, Solabladet, Strandbuen, Dalane Tidende, Avisen Agder, Bygdebladet og Jærbladet.

Som Eiffeltårnet

Kommunale planar, puh ….Viktig stoff, men tilsynelatande tungt, tørt og kjedeleg. Eit vanleg utgangspunkt  for journalistar, med andre ord. Ingvild og kollegaene Anne Berit Hatlem og Trine Selvikvåg gjekk til verket.

– Det starta med at vi las oss gjennom ein bunke papir, som utover i pinsehelga kjendest som Eiffeltårnet. Deretter gjekk vi på eit møte kor politikarane drøfta planane. Då vi hadde fått nokolunde oversikt, sette vi oss ned og planla korleis vi skulle presentere stoffet på ein måte som fenga lesarane, fortel Ingvild.

Interaktivt kart

Journalistane brukte programvaren Thinglink, der ein ved å klikke på bestemte punkt på eit kart eller eit bilde får opp ein video, eit bilde eller grafikk som fortel kva som skjer akkurat der.

Jærbladet tok med seg plansjefen i Time kommune rundt i sentrum og  filma då ho fortalde om planlagde grøntområde.

Så la dei videosnuttane inn i det digitale kartet.

Studio på torget

– Heilt på slutten av prosjektet, då vi hadde vore gjennom alle tema, laga vi eit studio på torget og inviterte alle som ville å komme innom for å seie meininga si om planane for Bryne sentrum. På ein gjenbruksbutikk fekk vi låne bord, stolar, ein stålampe og litt pynt til studioet vårt, fortel Ingvild.

Opptaka vart redigerte og publiserte som siste del av presentasjonen.

Digital kunnskap

– Sjølv om sentrumsplanen til å byrje med var litt tørr og innvikla, føler eg at vi greidde å presentere den på ein fin måte. Etter kvar blei prosjektet med sentrumsplanen noko av det kjekkaste eg har jobba med. Eg lærte også veldig mykje av Trine og Anne Berit, som eg jobba saman med.

Det var også veldig kjekt å få bruke noko av den digitale kompetansen eg fekk då eg var praktikant i Nynorsk avissenter. Vi fekk kurs i Thinglink og hadde fleire kurs der vi laga og redigerte film, fortel Ingvild.