Praksisplassane er i boks

På besøk hjå Ivar Aasen. Framme Erlend Astad Lorentzen, bak f.v. Ivar Bruvik Sætre, Kjell Åsmund Sunde og Elise Løvereide. Foto: Ivar M. Longvastøl 

Då har alle praktikantane i kull 6 i Nynorsk avissenter fått avtale om praksisplass i mai og juni. 

Erlend Astad Lorentzen skal heim att til Egersund, til Dalane Tidende der tippoldefaren og oldefaren ein gong var eigarar og redaktørar.

– Ja, fallhøgda er stor, seier Erlend.

– Du endar vel opp som redaktør sjølv, flirer medpraktikant Kjell Åsmund Sunde.

Kjell Åsmund ønskte seg til Klassekampen og har fått klarsignal frå nyhendesjef Kjell-Erik Kallset.

Elise Løvereide hadde Bergens Tidende som førsteval, og ho har også fått grønt lys frå nyhenderedaktør Jan Stian Vold.

Ivar Bruvik Sætre frå Førde ønskjer å halde fram i Firda, og han har også fått ønsket sitt oppfylt.