20 søkarar til kull 7

Ivar Myklebust Longvastøl er leiar for Nynorsk avissenter i Førde. Foto: Erlend Astad Lorentzen 

Nynorsk avissenter har fått 20 søkjarar til kull 7. Fire praktikantar får plass i Førde frå 22. august. 

– Vi er fornøgde med tal søkjarar og kvaliteten på søkjarane, seier Ivar Myklebust Longvastøl, journalist og dagleg leiar for Stiftinga Nynorsk avissenter.

God kjønnsfordeling

Dei 20 er fordelt med 10 frå kvart kjønn, med aldersspreiing frå 22 til 42 år. Dei fleste er i tjueåra og i ferd med å avslutte ei fagutdanning på universitet eller høgskule.

Søkjarane er frå Sogn og Fjordane (8), Hordaland (6), Rogaland (3), Oslo (2) og Møre og Romsdal (1).

Intervju og språkprøve

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju og språkprøve i Førde. Søkjarane får også ei prøve på om dei har journalistisk teft.

– Vi har avtalt åtte intervju, men det kan bli nokre fleire, seier Longvastøl.

– Vi ser etter folk med engasjement og vilje til å satse på journalistikken. Det er krevjande tider i mediebransjen, men slik har det alltid vore. Skal ein få jobb, må ein stå på og vise at ein vil noko – og levere, bokstaveleg talt, seier Longvastøl.

Tilsetting i mai

Han reknar med å vere ferdig med tilsettinga til midten av mai. Nynorsk avissenter tek inn fire praktikantar frå 22. august, og samarbeider med NRK Nynorsk medisenter i Førde som tilset fem nye praktikantar frå same dato.

Journalist på seks månader

Nynorsk avissenter vart etablert hausten 2013, med avisa Firda som praksisplass. Praktikantane får fire månader praktisk og teoretisk opplæring i Førde, og deretter to månader i ein annan redaksjon. Med løn i heile opplæringstida.

Føremålet er å lære opp dyktige nynorskbrukande journalistar med høg digital kompetanse, for på den måten å styrke nynorsken og journalistikken. Nesten alle praktikantane har ei anna fagutdanning i botn.

Vertsavisa Firda, utgjevarorganisasjonen Mediebedriftenes Landsforening (MBL) og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) står bak Stiftinga Nynorsk avissenter. Opplæringa er finansiert av staten gjennom Kulturdepartementet, og av Firda.