Livet i Bergens Tidende

Praktikant Elise Løvereide på desken i Bergens Tidende. – Lesarane engasjerer seg, og det syner at BT er viktig, seier Elise. Foto: Ivar M. Longvastøl 

Kvardagen som praktikant i Bergens Tidende er hektisk, men erfaringa er upåklageleg.

Klokka halv ni er eg på plass på desken med ein kaffi på pulten. Eg koplar til PC-en, sjekkar e-post og dagens avis. Innboksen er som regel stappfull med tips, pressemeldingar samt kommentarar frå lesarar. I BT merkar eg at responsen på det ein skriv, er stor. Nokre er kritiske, medan andre berre vil seie si meining. I tillegg ringjer telefonen støtt, med menneske som har ulike ting dei vil fortelje. Folk engasjerer seg, og det syner at BT er viktig.

Helikopterulykke og drapssak

Klokka ni har vi morgonmøte, der alle kjem med idear og forslag til saker. Kva er bergensarane opptatt av? Korleis er vêret? Kva saker bør vi følgje opp? Medan eg har vore praktikant i BT, har journalistane på nyheitsavdelinga følgt store hendingar som helikopterulykka på Turøy og rettsaka i drapet på Monika Sviglinskaja (8). Sjølv har eg tatt løpande nyheiter som trafikkuhell, men også skrive lengre saker om forsking, økonomi, og om interessante menneske.

Må selje eigne saker

Læringskurva i BT har vore bratt. Etter fem veker har eg lært utruleg mykje, og særleg om bruk av sosiale medium. Informasjonen som ligg i dei sosiale media er stor – og legg såleis også til rette for godt stoff. I BT må ein i større grad selje sine eigne saker, og det gjer ein mellom anna i desse kanalane.

På desken sit eg med flinke kollegaer og får oppleve å vere journalist på ekte – i ei tid der avisene er i ein digital omstillingsfase. Til dømes har eg prøvd meg på BT direkte, og fått sett dyktige Hanne Louise Åkernes halde direktesending ute i Bergen by. I det heile tatt vore vitne til fleire måter avisa når lesarane på.

Høge forventningar

Forventningane til ein BT-journalist er høge, og særleg når det gjeld eigne idear. Ein må gjerne ha litt nettverk, kjenne til ulike hendingar og organisasjonar som kan vere utgangspunkt for interessante saker. Men rommet for å skrive om det ein ønskjer, er stort, og kvardagen ber preg av mykje sjølvstendig arbeid.

Klokka halv fire er eg ferdig for dagen, men går sjeldan heim før fem. I BT sitt dekningsområde skjer det mykje. Kvardagen blir såleis travel, men erfaringa ein får er heilt upåklageleg.