Og tantene følgjer med

Erlend er i heimbyen Egersund og skriv på nynorsk i Dalane Tidende. Her på kaia, ved sidan av «Losen». Det andre bildet viser Erlend og avisteiknar Siv Grethe Bøhn-Pettersen. Foto: Ivar M. Longvastøl 

I ei tid der avisar spinkar og sparar, er det kjekt å oppleve eit lite, men mangfaldig avishus her hos Dalane Tidende.

Av praktiktant Erlend Astad Lorentzen 

Me har kontordamer (dei heiter sikkert noko anna på papiret), som i tillegg til å ordne med økonomisk styr og stell, har kaffien klar til ein morgontrøtt praktikant. Kjem publikum innom avishuset, blir dei møtte med smil.

Eigen avisteiknar

Ein eigen avisteiknar har me, og ein fleirtallig desk designar avisa og justerer bilda våre. Det er godt å ha meir tid til skriving, men eg ser at titlane og ingressane mine får mindre snert når eg ikkje har noko forhold til dei grafisk, som i Firda der me skreiv i malar. Eit velsigna regime med to gjennomlesingar frå kollegaar, gir heldigvis god språkleg sjølvinnsikt.

Får stor tillit

Frå første dag møtte redaksjonen meg med stor tillit, og eg kjende meg raskt som ein del av dei. Her er mykje stort og smått me må dekke for å gjere alle til lags. Kommunesamanslåing, kraftutbygging, industri versus fritidsinteresser, men også pølsespising og el-syklar.

Skulelærar-far

Det er ei ny utfordring å vere ein del av lokalsamfunnet eg skriv om. Eg treff jamnleg på kjentfolk i embets medfør. Då kjenner eg i større grad på ansvaret eg har, enn om eg aldri ser intervjuobjektet mitt igjen. Tanter er kjappe med tilbakemeldingar, og skulelærar-far påpeikar gjerne grammatiske feil i tekstane. Her gjeld det å vere skjerpa!