Camilla har fått fast jobb

Camilla Skjær Brugrand (24) frå Lærdal var nynorskpraktikant hausten 2015. Ho har praksis frå Sogn Avis, Porten.no, Framtida.no og utanriksredaksjonen i Klassekampen. Privat foto

Bransjen slit, men Camilla Skjær Brugrand har lykkast.

Her fortel ho om den nye jobben:

Eg vart tilsett som digital journalist i Dagens Perspektiv måndag 15. august og skal primært jobbe på nett, men eg leverer også større saker til vekeavisa Dagens Ledelse.

Internasjonale nettstader

Mi oppgåve er å publisere nettsaker, legge ut på sosiale medium som Facebook og Twitter og skrive om samfunnsstyring, arbeidsliv og finne aktuelle saker frå internasjonale medium. Me sender ut eit nyheitsbrev kvar dag rundt klokka 12, men publiserer saker i løpet av heile dagen.

Brexit og Labour

Så langt (fire dagar) har eg skrive om karakterkravet til lærerstudentar, flyktningssituasjonen, den økonomiske effekten av brexit og leiarstriden i Labour for å nemne noko. Eg står fritt til å velje skriftspråk sjølv.

Her kan du lese Camilla sin «Skrivekløe» i Firda.