Close

Grundig dekning av lokaloppgjer

SAMSUNG

Del innlegg

Firdajournalist Svein Rune Kjøllesdal (f.v.) riggar til direktesending av lyd og bilde, medan Snorre Standish Norheim, Anna Trondsdotter Versto og Eirik Dyrøy Lotsberg gjer seg kjende med utstyret. Foto: Ingunn Gjærde

Dei ferske praktikantane fekk vere med sportsjournalist Svein Rune Kjøllesdal då han skulle dekke laurdagens fotballkamp mellom byrivalane Florø og Førde.

Etter ei travel og innhaldsrik veke i Nynorsk avissenter, fekk praktikantane prøve seg i felten. Med kamera og journalistblokk i sekken vart dei med til Florø, der lokaloppgjeret skulle avgjerast. Tre av praktikantane vart utstyrde med kvar si tunge kameralinse, medan sistemann stod planta bak videokameraet, som sende direkte til 1200 sjåarar på Firda si nettside, og til ein storskjerm ved rådhuset i Førde.

Føreseieleg kamp

Florø kjempar for opprykk i toppen av andre divisjon, medan Førde slit med å halde hovudet over nedrykksgrensa. Det viste seg tidleg at alle spådommar om styrkeforholdet mellom laga heldt stikk, Florø stakk ifrå og såg seg aldri tilbake.

Fotokluss

Frå sidelinja prøvde praktikantane å få blinkskota, men teknikken stod i vegen. Med ei halvannan meter telelinse hamna fokuset fort på tilskodarane på tribuna, heller enn på bana. Heldigvis var Florø i storslag, og tok seg bryet med å skåre sju mål, så det vart mange sjansar til å få med at ballen gjekk i mål. I mellomtida stod Ingunn på sidelinja og prøvde å følge ballen med videokameraet, akkompagnert av entusiastisk kommentering frå Svein Rune, i samfulle 90 minutt.

Journalisten tippa rett

Dagen på Florø stadion vart avslutta med eit intervju med Endre Kupen, toppskårar for Florø. Her galdt det å skrive fort for å få med seg dei beste sitata. Saka vart raskt publisert på nett før utstyret vart pakka ned. Praktikantane forlot stadion i bilen til ein nøgd Svein Rune, som hadde gjetta rett resultat, 7–0, i eit veddemål med den utsende frå Firdaposten. Det var eit kjekt første oppdrag, og Snorre, Anna, Ingunn og Eirik er svoltne på meir.