Close

Kurs for etablerte journalistar

Simon Solheim (26) starta med å dekke fotballkampar og springe etter brannbilar i heimbyen Florø, på oppdrag for lokalavisa Firdaposten. I dag er han journalist i NRK Brennpunkt. 14. oktober føreles Simon om korleis han har jobba med gravesaker. Foto: Kjetil Birkeland

Del innlegg

Simon Solheim (26) starta med å dekke fotballkampar og springe etter brannbilar i heimbyen Florø, på oppdrag for lokalavisa Firdaposten. I dag er han journalist i NRK Brennpunkt. 14. oktober føreles Simon om korleis han har jobba med gravesaker. Foto: Kjetil Birkeland

Oppfrisking, eller ivrig på å lære noko nytt?

Nynorsk avissenter og NRK Nynorsk avissenter tilbyr også i haust nokre av kursa våre for etablerte journalistar i lokalavisene – og kursa er gratis. Avgrensa tal plassar, så ver kjapp med å melde deg på om du er interessert.

Påmelding til Ivar Myklebust Longvastøl, ivar.longvastol@firda.no / telefon 911 49 813.

Måndag 19. september
Klokka 09-15, i NRK Sogn og Fjordane
Intervjuteknikk
Ved Erlend Blaalid Oldeide, journalist i NRK Sogn og Fjordane.
Stiller du dei rette spørsmåla? Dette er avgjerande for å få dei gode – og viktige – svara frå intervjuobjektet. Øvingar. Blaalid Oldeide er ein erfaren journalist og programleiar i NRK.

Måndag 26. september
Klokka 09-15, i Firda Media
Digital forteljarteknikk i journalistikken
Ved Frode Grimelid, journalist i Firda.
Digital forteljarteknikk i journalistikken. Verktøy og moglegheiter. Aktuelle verktøy: Thinglink, tidsliner, Carto (tidlegare Carto DB), Datawrapper.

Tysdag 11. oktober
Klokka 09-15 , i NRK Sogn og Fjordane
Korleis bruke sosiale medium som journalist
Ved Eirin Larsen, journalist i NRK.
Eirin Larsen har lang erfaring med å bruke sosiale medium som journalist, og ho arbeider i dag på SoMe-desken til NRK på Marienlyst.

Fredag 14. oktober
Klokka 09-15, i NRK Sogn og Fjordane
Kritisk til makta
Ved Simon Solheim, journalist i NRK Brennpunkt.
Simon Solheim har erfaring frå Firdaposten, Firda, NRK Sogn og Fjordane, Dagsrevyen og no NRK Brennpunkt. Han fortel mellom anna om den tre år lange kampen for å få ut legevakt-videoen, og om prosjektet «Døden på Oslo legevakt.»

Måndag 7. november
Klokka 09-15, i Firda Media
Presseetikk
Ved professor Svein Brurås, Høgskulen i Volda.
Svein Brurås er ein av Noregs fremste ekspertar på presseetikk. Han tek utgangspunkt i lovverket og pressa sine eigne reglar, og kursdeltakarane får prøve seg på konkrete etiske problemstillingar.

Måndag 21. november
Klokka 09-14, i NRK Sogn og Fjordane
Den levande nettreportasjen
Ved Tone Merete Lillesvangstu, journalist i NRK Sogn og Fjordane.
«Langt treng slett ikkje vere godt, men godt kan gjerne vere langt». Kva må til for at det skal svinge av ein god nettfeature? Korleis kjem du tett nok på kjeldene til å få det som trengst for å løfte ei langles-sak til ein god feature? Tone Merete Lillesvangstu har vore skrivande journalist i avis og i NRK i snart 20 år.

Måndag 12. desember
Klokka 10-15, i NRK Sogn og Fjordane
Kan journalisten vere idealist?
Ved Erling Borgen, journalist, filmskapar og professor i samfunnskritisk dokumentarisme ved Høgskulen på Lillehammer. Borgen fortel og viser døme på korleis han jobbar med samfunnskritiske dokumentarfilmar.