Ingunn Gjærde

Ingunn (fødd 1991) frå Nedstrand i Tysvær kommune held på med ei mastergrad i demokratibygging. I tillegg har ho eitt år med PPU (praktisk-pedagogisk utdanning), og to bachelorgrader. Ei i medievitskap og ei i samanliknande politikk. Foto: Bent Are Iversen

Klassebølla vann valet

Denne gongen var det bølla i klassen som vart vald til å representere elevane. Han som sit på bakre rad, med beina på bordet, og hiv papirkuler i bakhovudet på dei andre. Han som aldri gjere lekser, og som kjem med høglydte, stygge kommentarar. Han som alltid er tema på lærarrommet, og som er kjend for å mobbe både elevar og lærarar. No er det han som skal bere klassen sitt ansvar på skuldrane sine.

Vi tar val heile tida. Små val og store val. Men nokre val er viktigare enn andre. Dei store avgjerene, der mykje står på spel. Om ein vel feil, finst ingen angreknapp.

Dei flinke jentene på første rad er i sjokk. Kvifor vart ikkje elevrådsleiaren vald? Ho som ivrig rekker opp handa på alle spørsmåla læraren stiller. Ho som alltid sit klar på stolen sin fem minutt før timen startar, og øver fem dagar i førevegen til alle prøvane. Ho som bakar kake på læraren sin bursdag. Det vart ikkje ho denne gongen. Nei, no ønskte klassen forandring.

Vi gir bølla ein sjanse. Har vi gitt makt til feil person? Kanskje. Nokre elevar angrar nok på valet sitt. Det er ikkje før etterpå at dei forstår følgjene. Mange er uroa for framtida. Magefølelsen seier kanskje at å velje den største bråkmakaren ikkje var så lurt. Men det eksisterer ingen angreknapp. Gjort er gjort. Valt er valt.

Ein sjeldan gong er det nettopp klassen si bølle som vert vald. Vi fall for den fine sveisen, for det lure smilet, for sjarmen og pågangsmotet. Vi valde bort det trygge og sikre. No veit vi ikkje heilt kva vi kjem til å få. Neste gong er det bølla som skal representere klassen. Vi kryssar fingrane for at han kjem til å oppføre seg. At han ikkje kjem til å skulke, og at han ikkje blir kalla inn på rektor sitt kontor, når han har nekta å samarbeide med dei andre.

Kanskje vil anerkjenninga frå resten av klassen gjere at han tar ansvaret på alvor. Vi får håpe at han sluttar å mobbe småungane i friminutta. No må bølla bli vaksen, og det fort.

Dei «store» kvardagsproblema

Kor mange gonger har ein ikkje vore i matbutikken, og irritert seg over at nok ein gong hamna ein i den køen som beveger seg desidert seinast framover? Vi stønnar utolmodig når den eldre dama, som står tre personar framfor oss skal betale. Ho tømer like godt heile taska med småmyntar på rullebandet. Då kan jo den unge vikaren, som sit i kassen, sjølv finne myntane han treng. Når vi endeleg har fått betalt, plassert varene bak i bilen, og sett oss i førarsetet, kjem vi på den eine ingrediensen som ikkje fann vegen til handlekorga. Sukk. Inn igjen.

I kvardagen finn vi mang  eit irritasjonsmoment å henge oss opp i. Vi ser problema. Vi klager til kollegaen på jobb. Vi snakkar om utfordringar. Tida strekk ikkje til, og det meste er vanskeleg. I staden for å nyte den solfylte og klåre haustkvelden, er vi mest opptatt av at i morgon må vi igjen skrape frosten av bilruta før jobb.

Det er oktober. Vi går inn i ei årstid med rosa sløyfer og novemberbart. Dei fleste kan heldigvis prise seg lukkelege over at vi sjølv ikkje er alvorleg sjuke. Men alle kjenner nokon som er eller har vore råka av alvorleg sjukdom. Livet til både pasient og pårørande vert plutseleg snudd på hovudet når ein får den vanskelege beskjeden. Då endrar prioriteringane seg. Plutseleg vert ikkje dei små kvardagsproblema så viktige lenger.

DET FRIE MENNESKET

På ein stille fjord høyrer ein plutseleg ørsmå skvulp. Ei åre skjer gjennom vassflata, og ein kajakk glir lydlaust gjennom vatnet. Mennesket som sit oppi, har i byrjinga padla ustødig, oppjaga, og med mange tankar i hovudet. I eit desperat forsøk på å både padle og sjekke eposten på mobilen, endrar tyngdepunktet seg fort.

Kajakken er i ferd med å velte over til den eine sida. Iført shorts og T-skjorte vil ein dukkert i det våte elementet bli ei særs kald oppleving for den distraherte padlaren. Med eit panikkarta kast over til motsett side, klarer mennesket akkurat å unngå å kvelve. Der vart det nesten ein ufrivillig badetur.

Det ustødige mennesket vert litt prega av nestenulykka, men prøver seg sakte fram utover fjorden. Eit tak til venstre. Eit tak til høgre. Plutseleg sprekk skydekket opp, og den varme haustsola kikkar fram. For kvart åretak vert byen litt og litt lenger borte. Tankane som tidlegare vandra av garde til andre stader, verkar ikkje like viktige. Fabrikkar og hus forsvinn snart i horisonten, og mennesket senkar skuldrene. Ei kjensle av fridom slår inn over padlaren.

Etter få minutt på vatnet har mennesket klart å rømme frå stresset og maset i byen. Ei ny verd har openberra seg. Storslåtte fjell speglar seg i vatnet. Ei elv fossar nedover fjellsida, og himmelen er farga knallblå. Mennesket har raskt møtt på vill og urørt natur. Natur som kunne vore tatt rett ut av eit Astrup-måleri.

Vi bur midt i eit område fullt av turmoglegheiter, fjord og fjell. Vegen er svært kort frå butikkar og bilstøy, til den ville og vakre naturen. Når maset og kjaset vert for stort, kan nye og storslåtte naturopplevingar finnast rett utanfor dørstokken.

God tur!

DANNINGSFERD TIL SUNNFJORD

Mamma gjekk i si ungdomstid rundt i ei t-skjorte med teksten «Snakk dialekt, skriv nynorsk». Seinast i sommar drog ho meg og tvillingsøstera mi med til Arne Garborg si skrivestove, Knudaheio. Danning heiter det visst. Å nytte ei anna målform enn nynorsk, har aldri vore eit alternativ for meg. Nynorsk har alltid vore ein viktig del av identiteten min.

Sjølv om tilknytinga mi til heimbygda mi Nedstrand, i Tysvær kommune, er sterk, valde eg også å vende blikket ut mot den store, vide verda. Samanliknande politikk og studium i London har gitt meg mykje spanande påfyll. I London trefte eg eit nytt språk, nye kulturar og nye menneske. Med kofferten pakka full av nye inntrykk og erfaringar gjekk ferda heimover til Vestlandet.

Sunnfjord kan i grunn samanliknast med metropolen London. Elva Jølstra buktar seg nedover mot Førdefjorden, slik Themsen gjer i London (om mogleg med noko mindre laksebestand). I tillegg er Førde som ein magnet for shoppingturistar frå heile fylket, og kulturlivet det blomstrar.

Nå er eg svolten på å lære. Lære meir om regionen, og å lære å bli ein god nynorskskrivande journalist. Det er det eg har komme for, heilt frå nynorskbygda Nedstrand, via metropolen London, til nynorskbyen Førde.