Snorre Standish Norheim

Snorre (fødd 1990) er frå Bryne, og er utdanna statsvitar frå universiteta i Oslo og Bergen. Foto: Bent Are Iversen

DESSERTMELDING

Bystyret tok ein pause frå saksbehandlinga under årets siste samling i rådhuset, for å ete dessert i Førdehuset, og det gjorde eg òg. KrF, Venstre og MdG åt risgraut med jordbærsaus, det same gjorde eg, og vi likte det alle saman. Ap-folka supa kaffi og forsynte seg av ananasbrus og julebrus, tonen var gemyttleg og selskapleg, dei skjenka i stettglasa til FrParane utan å søle med vilje. Innimellom talar og pristildelingar togg Høgre-representantar på kanelstenger, kakemenn og krumkaker. Sjølv togg eg også på desse kakene og likte dei veldig godt, det sa eg då også til dei som sat rundt meg: Anna og Eirik, og eg ville ha sagt det til Ingunn òg, om ho ikkje hadde sete på gangen og skrive på ei sak om ulykkeskrysset som skal utbetrast, slik at dei som har overlevd turen frå Askvoll, også skal kome seg inn på E39 med livet i behald.

Demokratiet viste seg frå si beste og søtaste side denne torsdagen i desember, mykje grunna frisk julestemning og ein økonomi som er langt betre stilt enn for dei kommande kommunepartnarane i Gaular, Naustdal og Jølster, då alt frå budsjett og sirkus og ville dyr skulle behandlast. Få var dei som ville røre eigedomsskatten – fingrane av avgiftsknappen, sa politikarane som nett hadde drege ein bomring kring sentrum. Optimismen var stor, og det same var overmotet: Seinast innan 100 år skulle Førde by vere vakrast i kongeriket, vart det sagt frå ordførarhald, godt hjelpt av 500.000 ekstra kroner til planavdelinga i 2017, øyremerka ein person som skal hjelpe rådmannen med byutvikling og arealarbeid.

Tider skal komme, tider skal henrulle, slekt skal følge slekters gang, og når Tornerose vaknar frå sin djupe søvn, tredje sundag i advent, hundre år frå no, vil ho sjå at Førde ligg der i vintermørket, eit mørbanka vekstsenter nord i Vestlandsregionen, sjå an forholda og vurdere ambisjonen frå 2016 med kritisk blikk, og legge seg att med kalde tær og kryssa fingrar, klar for eit under i 2216. Men enn så lenge kan førdianarane glede seg over det som verkeleg betyr noko: Kommunebarometeret plasserer dei på ein fjerdeplass av borgarane som er mest fornøgde. Fuglane veit kva framtida bringar, men stoda per no er at politikarane leverer på kos og hygge.

GUIDE OVER ALLE KORRESPONDENTANE I URIX

Korrespondentane rattar flaggskipet til NRK, utanriksavdelinga, med stødig hand. Vi som følgjer sendingane fast, som det var ein spenningsserie, lærer korrespondentane godt å kjenne. Her – ein kort gjennomgang, som om vi rangerte idrettsutøvarar: Hege Moe Eriksen er ei stjerne, som ein gong lærte meg korrelasjonen mellom stolne handlevogner og økonomisk nedgang, med sin gode reportasje frå Marseille.

Ho er min nummer 1, men har slutta. Kven overtek førsteplassen? Arvtakaren i Brussel, Philip Lote, har lite hår, ser alltid muggen ut, men er til å lite på. Det er nett dei eigenskapane Morten Jentoft, i Moska, også har. Like eins med Arnt Stefansen i Brasil, som med si lause tilknyting til NRK, er mest som ein 11. korpsmedlem å rekne. Espen Aas kunne ha hamna i same keisame kategorien, men dei som verdset den tørre humoren hans, ville aldri finne på å bruke det mot han.

Duoen i Washington D.C. er som natt og dag: Gro Holm er fødd sakleg, medan Tove Bjørgaas gjerne fyk til obskure Vermont, for å dekkje nokon som er fullt ut samd med henne. I Tyrkia leverer den fabelaktige Sidsel Wold ein straum av personlege og gode saker – eit godt føredøme! I Nairobi, i Kenya, deler eit ektepar på jobben. Visst er dei flinke korrespondentar, men slett ikkje strålande, som Moe Eriksen.

Kristin Solberg i Midtausten har det same tungsinnet som forgjengaren, den glitrande Sigurd Falkenberg Mikelsen, kanskje fordi ho arbeider med den same syriske misèren. Likevel er stjernepotensialet større her enn hjå den tysklandbaserte Guri Norstrøm, som nok er flink, men ikkje ein toppkandidat. Guri er ei aning for keisam til å verte nummer 1. Lysluggen i Asia, Peter Svaar, imponerte då han nyleg, med kritisk blikk, eksponerte dei uhøflege reisevanane til kinesiske turistar. Han har lært av Espen Aas, eit fornøyeleg reisebrev!

Men – eg har kasta av meg tvilen: ho kan ikkje erstattast. Eg gler meg til dagen Hege Moe Eriksen er tilbake i manesjen, på link frå Brussel.

BLEKKSPRUT-MAYDAY

Nest etter antibiotikaresistens og eit knippe andre farar, er blekksprutar mi største frykt. Dette trugsmålet er større enn kva ein lekmann kanskje skulle tru: Åtte slangar samla i éin hjerne, ein skrott med tre hjarte som pumpar blått kongeblod, gjev grunn til seriøs uro. Beista har trekt seg i heildekkjande kamuflasjedrakter, som kan likna både korallrev og tang og tare, og dei funksjonelle våtdraktene kan like gjerne danna faretrugande mønster – identiske med straumleiande ålar og drakefisk. Rovdyra har skjult skarpe nebb innimellom alle tentaklane, dei har jetmotor til framdrift og kraftige sugekoppar til å klengja seg fast og aldri sleppa taket.

Giftige gummiklumpar sym under vassoverflata, fulle av blekk og faenskap, villige til å kappa av ein arm om det trengst for å koma seg opp og fram i livet. Ute av syne, ute av menneskets sinn, legg dei planar for å kapra verdsherredømmet vårt. Bak ein stein tek dei mål av deg med to kjølige auge – som dei kan teikna fleire av i den magiske huda – kvar gong du er ute og snorklar etter perler og skjel. Åtte slangar til fangarmar, kvar med trutmunnar som kan suga som tenåringar og støvsugarar, er samla i éin diger, grå hjerne. Meisterhjernen har fri tilgang til utømmelege blekkhus, som dei nyttar til å skada fiendane sine med, når dei dyppar det skarpe nebbet og krotar ned ukvemsord på sitt ublu språk.

Blekksprutane flyt over alle osean, dei kan symja, dikta, klemma og spekulera. Krigsfråsegna er berre dagar og timar unna. Ein dag er sett av til blekksprutane, eg er sikker på det, og melder mayday. Om ikkje lenge tvinnar dei tomlar og styrer dronar med tankekraft. Det kan verta ein onsdag, ein torsdag eller ein av dei andre fem, men sikkert er det, at kampen kjem – og at vi-et som vi kjenner det, vil tapa. Vi må fuska grovt om vi skal vinna, finna fram kampviljen og dei skitnaste triksa i læreboka. Alt er lov i krig og kjærleik, heldigvis – takk og pris! No får vi bruk for admiralane, ubåtvesenet og avanserte sonarar. Politiske myndigheiter må varsla alle allierte, fylla diesel på Ula-klassen og krut på torpedoane; det er mot blekksprutane på kaldt og djupt vatn at det tyngste skytset må rettast.

PØNK OG TRAFIKKLYS

Det gjekk rundt og rundt for meg, på Bryne der eg voks opp, i rundkøyringane som finst rundt kvar ein sving. Stort sett er det det stasjonsbyen på Jæren er: rundkøyringar, med bilveg streka opp mellom hus, kino og kjøpesenter. Folk heime snakkar om det heile tida, og hevdar å ha flest i landet; det vert fleire og fleire, det tek aldri slutt med desse rundkøyringane.

Men sidan eg kom til Førde, er det faktisk raude, gule og grøne trafikklys eg har vore mest oppteken av. Kultbandet Kjøtt (1979–81) gav ut låten «Nå vil jeg ikke leke med teitinger med», der dei konstaterte, på pønkete vis, at «Trafikklysa lever sitt eget liv». Til trommer og raffe gitarriff, syng Helge Gaarder at han slett ikkje forstår seg på satellittar, på pyramidar, på statistikkar.

Eg syng når eg kryssar gata, på veg til jobb; eg kan ikkje anna. Uinnvigde vil kanskje ha problem med å få med seg den radikale bodskapen, men i trafikklyset såg bandet lagnaden skine, sterkt og uvilkårleg: at verda held fram utan deg, sjølv når du ikkje fattar stort.

Kjøtt følgde sporet vidare, om menn som ville bli beundra («Jeg vil bli som Jesus») og eit null med kikkertsikte som ofra alt («Mannen på taket), berre for å bli berømt. Ein eg-person lid av sjelekvalar på «Urbane problemer», og opplyser at samvitet klør. Songane er fyndige og treffsikre, og heldigvis kan eg informere om at det finst ein underskog av liknande, norske band.

Favoritten er The Aller Værste; dei sklei meg så nær innpå livet. Eg køyrde forbi Kiwi, ned mot rundkøyringa og undergangen ved Bryne stadion. «Dans til musikken!» ropte radioen då. Veit du heilt sikkert at du er fri? spør Lasse Myrvold retorisk på danselåten. Musikken til TAV! er maks gøyal, men ikkje grensesprengjande. Banda trassa eit vilt, men konformt pønkmiljø, og bygde låtar på hakkete ska-rytmar.

Chris Erichsen utgreier eit paradoks i NRK-dokumentaren Punx: «Ingen andre kunne spele som oss, nettopp fordi ingen hadde nøyaktig dei same avgrensingane som vi hadde. Så det var grensene som forløyste The Aller Værste.» Den sprelske musikken til TAV! vart altså til på grunn av stramme konvensjonar.

Trafikklysa lever sitt eige liv, det kan vi gjere fint lite med. Av og til må vi stoppe og vente på grønt lys; vi vert låste i situasjonen og kjem oss ikkje av flekken. Slike reguleringar rammar inn kvardagen, men dei treng ikkje hindre oss i å briljere. Det er musikken til TAV! eit strålande bevis på.

PÅ GJENNOMREISE I VEST

Å dumpe ned i Førde sentrum har vore planen sidan mars, og etter kvart er eg kommen til at denne planen held mål, og vel så det. Eg er komfortabel med han. Med laurdagsutgåva er den første veka over, og kanskje er vi no på veg opp Hafstadkleiva; i alle fall hadde eg ein slags plan om det.

For å temje det frie ordet har vi mellom anna måtte lære oss Saxo, eit program for å formatere brødteksten og titlane som utgjer dagens «Skrivekløe», og som nok er det vrangaste av eit halvt dusin program som trengst for å meistre den nye jobbkvardagen på huset. Vi triksar og miksar, gjer vi, prøver og feilar, og smått om senn tileignar vi oss journalisthandverket.

Då oppmodinga om å søke seg til Framtidsfylket landa i innboksen, ein peikar frå FINN + «Gjør det!», stod lite anna enn seksti studiepoeng og ei masteroppgåve i hovudet på meg. Tidshorisonten var 1. juni; det der med jobb, pensjonspoeng og evig liv var sett på vent. Likevel høyrde eg på venninna mi, snart vart eg beden på intervju – og jo då, vi kom til semje, sjefane og eg. Så kom 1. juni, sommarferie med hundepass, før eg pakka ørten krydderglas og drog min veg, til Sogn og Fjordane, for éi veke sidan.

Her oppe har eg knapt vore før – til liks med mange av mine jamaldrande har eg reist meir i utlandet enn rundt om i heimlandet. Men trass i at eg er fersk, håper eg å vise at eg har noko å fare med. Eg satsar på eit vinn – vinn-forhold, og har store forventningar til at hjernane bak Trivselsfylket og andre motto har orda sine i behald.