Åsta Marianna Jangård Urdal

Åsta (27) frå Vassenden i Jølster har studert film og fjernsyn med fordjuping i dokumentarregi ved Nordisk Institutt for Scene og Studio. Foto: Bent Are Iversen

Lammande valfridom

KOR MYKJE tid brukar du dagleg på å ta val? Veg du vala dine for og imot, opp og ned på gullvekt? Tenker på konsekvensar og andre moglegheiter? Det gjer eg, og eg vert ikkje noko sikrare i vala av den grunn, tvert om.

KVEN ER eg? Eg har røter og evner som gjev nokre føringar, men elles gjev velferdsstaten meg så mykje tryggleik og så mange tilbod at eg kan velje, nesten heilt fritt, kven eg vil vere. Og eg blir fortalt at dette er viktig; du må gjere det som er rett for deg.

KVA SKAL eg bli? Nett no er eg nynorskpraktikant, etter ei rekke av meir og mindre gjennomtenkte val. Men eg kunne vore lærar, gullsmed, rådgivar, frisør eller skodespelar. Eg tenkte på det siste ei stund, men det blei ikkje noko av. I dag kan eg berre angre. Tenk så kjekt å springe rundt på ei scene, eller så trygt å ha fast jobb på ein skule.

KVIFOR ER det slik at ein angrar på det ein ikkje gjer? Det handlar om valfridommen. Vi trur at frie er fridom, og at fridom sjølvsagt er lykke. Forsking tyder på at det ligg ein feil i denne hypotesen: Om du vert stilt ovanfor eit val, og du kan velje mellom 100 ulike løysingar kan du bli fullstendig lamma. Alle alternativa vil få deg til å utsette heile avgjersla til i morgon, og til i overmorgon. Om du likevel skulle klare å ta eit gjennomtenkt val så har du truleg opparbeida så høge forventningar til denne eine, som du vel over dei 99, at du ikkje kan unngå å bli skuffa. Og då vil du starte å angre.

KORLEIS VERKAR den uavgrensa valfridommen på oss? Den auka rikdommen og valfridommen ser ut til å ha gjort oss, som folk, meir ulykkelege. Medan vi før kunne skulde på ytre faktorar, som til dømes at nokon tvang deg til ta ei utdanning du ikkje ville, kan du i dag berre takke deg sjølv for dei dårlege vala du har teke.