Cecilie Brendehaug Rysjedal

Cecilie (26) frå Leirvik i Sogn er bachelor i medievitskap og i journalistikk frå Universitetet i Bergen våren 2015. Cecilie er spesielt interessert i helse, sport og politikk. Foto: Bent Are Iversen

Eg lét meg ikkje knekke

Etter sju år i Bergen har eg returnert til Sogn og Fjordane. Eg har flytta frå skarre-r, Trude Drev­land og Sportsklubben Brann til fordel for nynorskens skog.

I Bergen har eg hatt det godt, men det er langt mellom nynorskbrukarane. På universitetet opplevde eg berre ein gong i halvåret at undervisninga var på nynorsk. Eg kan difor forstå at mange valde å skifte til bokmål då dei kom dit. Likevel bestemte eg meg for at eg ikkje skulle bli ein av dei. Det gjorde til at eg  omsette undervisningsnota mine til nynorsk alle seks åra på universitetet.

For eg er stolt over å vere nynorskbrukar, og eit skif­te til bok­mål vil­le for meg vore eit identitetsbrot. Ny­norsk ligg nær opp til dialekta mi, og eg synest det er eit en­kelt, seriøst og presist skriftspråk.

Å seie at ein ikkje forstår nynorsk, trur eg først og fremst handlar om vilje. Eg har til dømes aldri høyrt nokon irritere seg over at Rev i barne-TV serien «Flukta frå Dyreskogen», snakkar nynorsk.  Ein forstår det ein vil forstå, tenkjer no eg.

No er eg truleg over gjennomsnittet oppteken av skriftspråket mitt, men nynorsk og bokmål er likestilt, og då bør det også speglast i samfunnet.  Kan vi ikkje heller glede oss over språkmangfaldet enn å krangle over det? For det er nok av an­dre ting i verda å irritere seg over.

 

Det er framleis oss to

Denne helga skal eg tilbringe med ein kjær ven. Eg har talt veker, dagar og timar, og endeleg er ventetida over. Endeleg er eg tilbake, kjære Bergen.

Ein kan seie mykje om deg, men evna til å vise engasjement, manglar du ikkje. Det er ingen som har det verre når fotballaget rykkjer ned, eller er meir stolt av seg sjølv og si eiga utstråling på nasjonaldagen. Det er kort veg mellom himmel og helvete hos deg, men det er det som gjer deg så spennande.

Du skulle helst sett at du var eit eige land, i alle fall Norges hovudstad. Men, med tanke på årets hendingar, er eg ikkje heilt overtydd om at det hadde gått så bra som du trur. Ordføraren din hadde sikkert vore bortreist på cruise året rundt, og oljefondet hadde blitt sløst vekk på bomkjøp og spelarlønningar i Brann. Skattepengane hadde elles gått vekk i å greie ut Bybanetraséar, og Austlandet hadde gått under.

Men sjølv om du på mange måtar kan samanliknast med eit sirkus, så klarar eg meg ikkje utan deg. Du har alltid ein kommentar på lur, og du kvir deg ikkje på å skryte hemningslaust over det du har oppnådd. Du er venen som seier ifrå når eg gjer noko feil, og du står rakrygga i motvind.

Hos deg har kvar årstid si lukt, sine fargar og sin sjarm. Når dei japanske kirsebærtrea fargar deg rosa, og sola skin frå skyfri himmel, er du på ditt vakraste. Då, når eg går langs Lille Lungegårdsvann, er 10 månadar med mørke, kulde og vrengte paraplyar gløymt.

For eit ekte kjærleiksforhold visnar ikkje sjølv med stiv kuling i periodar. Kjenslene forsvinn ikkje, sjølv med ei ny adresse fleire mil unna. For eg veit at eg aldri kjem til å føle det slik for nokon andre. Du vil alltid vere den einaste byen for meg, Bergen.

Galskapen lenge leve

Eg er oppvaksen i ein sportsglad familie. Vi følgjer alle med på handball og fotball, langrenn og skiskyting. Det som derimot er spesielt i familien vår, er at vi i hovudsak heiar på utøvarar som på ein eller anna måte har tilhøyrsle i Sogn og Fjordane. Utøvaren kan til dømes ha ei bestemor frå fylket, vere kjærast med nokon herifrå eller rett og slett berre ha ei hytte i Gulen. Vi er ikkje vansklegare på det.

Men, vi har våre favorittar. Sogndal Fotball og Tarjei og Johannes Bø vert høgt prioritert. Frå mars til november er det til dømes ikkje vits i å ringje eller besøke oss søndagar mellom 18.00 og 20.00. Heller ikkje i helgane i vinterhalvåret frå klokka 10.00. I så fall må du bu deg på å sjå mykje fjernsyn, gjerne også med radiooverføringa surrande i bakgrunnen.

å vere engasjert har også sine ulemper. Mamma har ilt i magen før, under og etter løp og kampar. Viss dei vinn, jublar og hoppar ho av glede. Men lukkast dei ikkje, så er dagen øydelagd. Pappa derimot let heller kjenslene utfalde seg i det verbale. Som tidlegare spelar, dommar og trenar hender det at strofer som «Nei, koffø gjorde du no ditta dar!» eller «Skyt no då!», er standardkommentarar når Sogndal spelar. Når i tillegg mamma svarar med å ta Sogndalsspelarane i forsvar, kan temperaturen fort bli høg i stova.

Ifølge kjærasten min, er eg fullt på høgde med foreldra mine når eg ser sport. Eg skrik, veivar med armane og kommenterer i affekt. Nokre gongar vert til og med han – den mest sindige sunnfjordingen eg veit om – lei av kommenteringa mi. Og når han vert irritert, då er det som regel noko i det. Men, det har eg for lengst gløymt til søndagen etter. For meg er dette sunn galskap som krydrar tilværet.

 

Tante i trøbbel

Då eg kom til verda i 1989, var det som attpåklatt med to halvsysken på 14 og 17 år. For meg var dette topp, sidan eg slapp å dele soverom med andre enn meg sjølv og bamsane mine. I tillegg fekk eg all merksemd i familiebesøk. Men 18. mars 1997 var det offisielt slutt. Då vart nemleg Sofie fødd, og eg vart tante for fyrste gong.

Å bli tante som sjuåring var kanskje ikkje heilt optimalt. For etter kvart møtte eg og Sofie på ein del utfordringar. Då ho var eitt år til dømes, fekk eg i oppgåve å få ho til å sove i mamma og pappa si seng. Det enda med at eg sovna sjølv. Då eg vakna ei stund etterpå, sat ho på nattbordet og såg dumt på meg.

Vi har óg hatt våre misforståingar på badet. Ein kveld eg skulle hjelpe ho med tannpussen, forlét eg ho åleine i nokre minutt for å hente tannkrem. Før eg gjekk gav eg ho beskjed om at ho kunne ta vatn på tannkosten medan ho venta. Det eg derimot ikkje tenkte

på, var at ho ikkje rakk opp til vasken. Men, løysingsorientert som ho var, ordna det seg. Då eg kom inn att på badet, stod jenta over toalettskåla, trekkande i snora, med tannkosten godt plassert under vass-stråla.

Ein annan gong eg skulle passe ho medan foreldra mine sov, skjedde jo det som måtte skje: ho måtte på do. Og ja, for å gjere det eg håpte ho ikkje skulle. «Tanta! Eg e» ferdig!». «Eh, men tørke deg klara du no sjølv?». «Neeeei, Tanta..he, he». Eg fekk totalt panikk. Kva no? Det heile enda med at eg tvinga ho til å bli sitjande på skåla og lese Barbiebøker, til pappa stod opp ein halvtime seinare.

Men sjølv om Sofie måtte lære på den harde måten, og meir eller mindre gjekk på sjølvstyr med meg i nærleiken, valde systera mi likevel å få ei jente til i februar 2001.

 

Veksesmerter

Dei gylne 20-åra byrjar å nærme seg slutten. «Smilerynkene» har meldt seg, det same med lysta for å sitje heime og sjå på fjernsyn ein fredag, i staden for å rave på «by’n». Facebook har også oppdaga at eg ikkje lenger er ung og lovande. Eller, at eg i alle fall er i ein alder der det er venta litt meir enn det eg og almanakken min har planlagt.

For ifølgje Facebook er ikkje 20-åra komplett før eg har gifta meg og fått ungar. Det er i alle fall det dei vil ha meg til å føle og tru. Annonsar som «Skal du gifte deg? Legg inn ønskeliste hos oss» og «Babyklærne kjøper du her» skrik mot meg kvar dag. Fytti grisen så lei eg er!

Sjølv om eg er på «feil» side av 25-talet, er ikkje det einstydande med giftarmål, ungar og Volvo V70. Det er heller ikkje ein sjølvsagt ting at alle kan få barn eller vil gifte seg. Men det er det mange, inkludert Facebook, som ikkje tenkjer over.

Forventingane og presset utanfrå er vanskeleg å ignorere, men eg prøver i det lengste. For eg er ikkje ferdig med danningsreisa mi enno.

Eg vil sjå Havanna og Paris, køyre trikk i San Francisco og liggje i ei hengekøye på Seychellane. Eg vil reise med gondol i Venezia og drikke Prosecco på Bari. Eg vil ha fast jobb og pengar i banken. Og helst vil eg ha besøkt Hawaii og New York ein gong til, før vaksenlivet set inn for fullt.

For nokre gongar synest eg at det å vere vaksen både er skummelt og vanskeleg. Det kan vere tyngd av ansvar og harde avgjersler, vonbrot og vonde opplevingar. På same tid er vaksenlivet fantastisk og eg gler meg til vegen vidare. Men, eg vil bestemme innhaldet og tempoet sjølv.