Hallgeir Berge

Hallgeir (30) frå Strandebarm i Hardanger er bachelor i filosofi. Han har studert spansk i Mexico og portugisisk i Brasil. Hallgeir har også arbeidd mykje for asylsøkjarar i Norge og i Afrika. Foto: Bent Are Iversen

Perspektiv på livet

GOD MORGON. Eg vaknar. Har fri. Kva skal eg gjere? Opnar kjøleskapet, hmm. Slår på fjernsynet, hmm. Tar datamaskina på fanget, hmmm. Det endar i siste nytt på fjesboka, med radio i bakgrunnen som vel songane sine sjølv. Valets kvalar kveler.

LIVET BESTÅR av stadige dilemma, med så uendeleg mange val. Dagane kan bli brutalt vanskelege i verda vår. Så digg det hadde vore å berre måtte kjempe for å overleve.

VI HAR VÅRE daglege kampar, det er mang ein nabo å imponere. Men når vi har det som verst kan ein undre seg over kva Harald Hårfagre hadde sagt om han kunne dradd fram ein paracet, bil, AK-47, eller berre «googla» seg fram til eit svar.

PROBLEMATISERING kan bli vårt største problem. Ting avheng av fokuset. Om ein ser på våre nymotens skjerma kan ein tru vi er nye vesen i ei heilt ny verd. Men eit menneske er så uendeleg mykje meir enn tinga som omgjev oss. Våre stamfedrar har mykje til felles med deg og meg, sjølv om ein vaknar i Burma, Sovjet, Tigerstaden eller Solund.

DET ER FARLEG lett å berre sende navle-skodande blikk over hekken til naboen. Men moglegheiter, kunnskap, verda og menneske har aldri vore meir tilgjengeleg.

FOR OSS NORDBUARAR er det å få perspektiv heilt avgjerande. Om vi vil har vi så mykje å sette pris på. Det meste kan vinklast positivt om vi skulle ønske det.

NÅR EG SNART pakkar saman her så minnast eg kjensla då eg først køyrde inn i Sunnfjord. Det slo meg kor usedvanleg flott det var med naturen utan bygg på alle kantar. Dette er verkeleg ei unik perle. Eller eit fråflytta deponi. Alt avheng av auga som ser.

 

Kva tenker du på?

OM DU TENKER på kor utilpass du er i din livssituasjon, eller kanskje ser nedlatande rundt på alle idiotane i rommet, blir det ein lett utgang med; «ikkje noko spesielt». Men surrar ikkje alltid nokre tankar rundt i hovudet ditt?

EIN SEIER AT sanninga får ein frå dei som vinglar skjenkte rundt og frå dei som nett har vakna til livs. For det er slåande korleis vi blir forma i sosiale samanhengar. Men å ta val er fundamentalt for oss menneske. For kven er du, kven vil ein vere, og korleis skal ein leve? Dette spør du deg vel sjeldan om, og det kan følast behageleg å la dei store spørsmåla ligge. Men ein gong måtte eg verkeleg ta stilling til alt på nytt. For som 18-åring vakna eg frå koma etter ei bilulykke. Då eg først opna auga att, hugsa eg ikkje namnet på mi eiga mor ein gong. Kva skal ein gjere, kva er eit menneske?

TAKKSEMDA OVER å ha overlevd overskygga mang ein skavank i andletet. For eg lever! Det hadde eg tatt som sjølvsagt før, men at sansane kom tilbake og at eg framleis kunne gå på eigne bein, var og er ei fantastisk kjensle. Og for ei eventyrleg spanande verd eg vakna opp i! Kvar dag kan ein møte unike menneske. Ingen av oss er like, så kvifor i alle dagar skal me samanlikne oss sjølve med andre?

«DU SKJØNAR da» når du blir vaksen», fekk me ofte til svar som barn. Men til slutt blir ein gammal nok til å ikkje stille dei store spørsmåla. Det unike blir forma inn i tiltenkte roller, i vårt velfungerande trivselssamfunn. For meg var det absurd å møte all medkjensla i det norske samfunnet, då eg følte nærmast ei euforisk livsglede. For er ikkje livet den største sigeren, eller finn vi det naturleg å leite etter problem i tilværet? Eg er på mange måtar takksam for å ha fått vakna til livs to gongar, då eg atter ein gong fekk like stort perspektiv som eit lite barn. Det er utruleg spanande å bli kjend med seg sjølv, livet og verda vi lever i. Kvar dag er verkeleg ein ny sjanse.

 

Kva? Gode nyhende?

DAGEN I DAG er ein vedunderleg dag. Å vakna som lesekyndig menneske i ein varm heim, er ikkje alle forunt. Kanskje du nippar til ein kopp kaffi, og kan nyta ei frihelg som berre avgrensast av eigen kreativitet. I dag kan me og gleda oss over 170 sprell levande barn som blir fødd i kongeriket vårt. I fredstid. I dag er det òg premiere i Førdehuset på dokumentaren om ei dame på 90 år. Livsportrettet om Elisabet Muri handlar om takksemd, kjærleik og det å nytta seg av alt vår fascinerande verd har å by på. Ho nyt framleis aktive dagar.

ER DETTE interessant? Vil me høyra om folk som har det bra? Ein skulle tru at vi menneske, som vel er fødde med eit fnugg av medkjensle, heller vil høyre godt nytt enn om stadige blodbad, klimakrise og dårlege vegar. For dei som interesserer seg i utlendigheit kan nyhende frå verda skremma oss frå å gå utanfor hotellområdet, om vi dristar oss utpå ein luksusferie.

EG MINNAST DÅ eg som tenåring skulle ta eit år i statane, og såg for meg eit liv i mang ei eksotisk Hollywood-scene. Overraskinga var stor då eg møtte likesinna frå heile verda, som var akkurat like spente og menneskelege som ein liten nordmann frå Hardanger. Sidan har det blitt fleire år utanlands. Og eg har blitt overraska over omsutsmeldingar frå heimen om narkolangarar eg aldri såg i Mexico, eller ebolaepimidemien som ramma nokon på den andre sida av kontinentet då eg var i Afrika.

DÅRLEG NYTT sel best. I ei verd som stadig utviklar seg, høyrer ein absurd nok mest elende. Men med all respekt for den kritiske journalistikken, er det jammen godt med ei positiv sak inn i mellom. Om det er ein tilfeldig gladlaks, eller ei reflektert, eldre dame.

DIFOR VIL EG retta ei takk til Elisabet Muri for det du deler frå eit langt liv – og minner oss om verdien av å sjå oss rundt i takksemd.

 

Tid for våte draumar

EG HAR gått inn for landing og tatt spaken for ein ny vår i eit nytt distrikt. Fjorden cowboys og smalahove har blitt erstatta med Førde camping og ei intens kløe. Mannebeinet blant praktikantane i Nynorsk avissenter er på plass, og den første helga kan eg sjå fram til eit makelaust damebesøk.

VEKA VAR full av forventingar. Eg planla å ta ho imot med å reia opp til ei heit helg innandørs. Stearinlys blei handla inn og eg fylte kjøleskapet. Friske og fuktige meldingar bekrefta at ho var på veg. Utstyret ligg klart. Dette blir ei helg eg aldri vil gløyme.

DAGANE GJEKK og eg kjende ei ekstatisk skjelving i underlaget då helga endeleg kom. Eg reiste heim til campingen, sneik meg inn under teppet og venta i våryrt humør. Der såg eg lengtande ut vindauget, klar som eit ukokt egg. Dette skal bli vått og godt.

I OPPHISSA ekstase kjendest det som om tida stod stille på laurdag. Spenninga var stor, men timane gjekk og tolmodet reiv meg i stykke. Kva skjer, kor blir ho av? Utanfor inngangsdøra var det berre regn, mørke og ein vind som var slappare enn ei halvsteikt pølse på Statoilen. Då klokka nærma seg midnatt måtte eg ut på Brulandsvellene for å sjå, men det var ikkje liv å spore. Alt håp var ute. Eg kapitulerte og gjekk ned med mann utan mus.

NO HAR EG brukt ei veke på å fordøya vonbrotet. Forventingane hadde bygd seg sånn opp, men nedturen var hard. Meldingane torer eg ikkje stole på lenger, men eg klamrar meg til håpet om at Peggy, Perdis eller Petra kjem innom denne helga og gjer meir av seg. Det er i alle fall sikkert at Nina ikkje leverte som lova. Ein kjenner seg pinade snurt når denne luremusa berre beit på dei lengre nede.