Kjell Åsmund Sunde

Kjell (fødd 1987) frå Skei er utdanna Tekstforfattar frå Westerdals ACT og har i tillegg ei bachelorgrad i historie frå Universitetet i Oslo. Foto Bent Are Iversen

Gut (8) møtte maskin

I 1977 sa Ken Olson, sjef for eit større IT-selskap i USA dei velvalde orda: «Det er ingen grunn til at nokon skulle ønske å ha ei datamaskin i heimen». Han tok grundig feil. I dag er datamaskina ein like sentral del av husstaden som toalettpapiret. Samstundes er det tankevekkande at ein røynd teknologiguru kan bomme så grovt på korleis verda vil sjå ut berre nokre tiår seinare.

i 1995 sat eg heime på Skei framfor ein dataskjerm for fyrste gong. Full av forventingar ante eg lite eller ingenting om kva som venta meg. Maskina brukte fem minutt på å starte og bråka verre enn eit russetog på 17. mai. Internett var eit framandord og det fanst ingen som livnærte seg på blogging. Frå fyrste stund var eg frelst. Teknologien og medieverda openberra seg for meg som ein draum. Ein åtteåring og ei datamaskin, ein sunnfjording og resten av verda.

I dag sit eg igjen framfor dataskjermen med forventingar om at dette er springbrettet til yrkeslivet. Samstundes kjenner eg på ei uro. Det er førti år sidan Ken Olsson kom med sin spådom, om lag like lang tid er det til eg kan gå av med pensjon. Eg skal ikkje komme med nokon spådom, men kva i all verda er det eg gjev meg ut på? Kva veg tek teknologien og media i framtida? Kor tid møter eg den teknologiske nyvinninga som vil gje meg frysingar og kaldsveitte? Vil eg bli ein av dei som seier: «Alt var betre før»?

 

Person utan fjes

Vi går på butikken for å handle. Møter nokon vi kjenner og snakkar om laust og fast. Ler saman av dårlige vitsar. Inviterer på besøk, snakkar om neste gong vi skal ete middag hos kvarandre. Fortel korleis det går med ryggplagene og eldste dottera som har flytta til byen. Medan vi står slik legg vi ikkje merke til han eller ho som tuslar taust forbi.

Person utan fjes går nedover gata denne dagen som alle andre dagar. Kjøper mjølk og brød. Ser på Dagsrevyen. Søv åtte timar kvar natt. Har ingen å snakke med.

No er eg person utan fjes. Eg heiter Hilmar, Anne, Jonas eller eit eller anna meir eller mindre vanlig namn. Eg er student, yrkesaktiv eller pensjonert. Kvar dag ser eg folk. Folk som pratar høgt. Folk som pratar lågt. Folk som er stille. Folk som er saman eller aleine. Nokre ser på meg, eg ser på nokre. Eg er han eller ho som ikkje pratar med nokon. Han eller ho som handlar for ein. Kvar fredagskveld er det liv og høg musikk, i naboleilegheita. Sjølv sløkker eg lysa klokka 23.00.

På eit eller anna tidspunkt gjekk eg frå å vere person til å bli person utan fjes. På eit eller anna tidspunkt slutta folk å nemne namnet mitt. Telefonen ringte ikkje meir. Det var ingen som trakka ned dørene mine. Det var ingen som trakka ved dørene mine. Eg dekker bordet med ein tallerken og et. Stappar mat i munn i ukjent fjes. Lyttar til mine eigne tygg. Her kjem person utan fjes, på veg inn i ein ny dag i eit liv ukjent for alle andre enn meg sjølv.

Eg er ikkje person utan fjes, men person utan fjes kan vere han eller ho som sit ved sidan av deg medan du les denne teksten.

Basar på bygdehuset

Det er basar på bygdehuset. Sveler blir steikt i eit forrykande tempo. Eimen av kaffi ligg som eit teppe av tåregass. Latteren ljomar i veggane som eit fjell som lagar ekko av alt det som blir fortalt. Kvar og ein deler seg sjølv med bygda.

Gamle Gunn sit saman med ein gjeng jamaldringar og slarvar. Når dei andre snur seg vekk dreg ho ut ei lita flaske frå innerlomma. Den var svak denne kaffien. Kan ikkje skade å sprite han opp litt.

Ved eit bord midt i lokalet sit Torvald. Han er far til to, og hardtarbeidande lærar. Borna masar om at han skal kjøpe kaker og brus til dei. Torvald fekk løn i går, men har likevel tom lommebok. Han stod ved speleautomatane på butikken fram til stengetid.

Thea er saman med venene sine på basaren. I går feira ho 13-årsdag. Kake då, sveler no, kva med i morgon? Ho tek ein bit, to bitar, tre. Går deretter målretta mot toalettet. For kvar rørsle ho gjer gnissar knokar mot klesplagg.

Han der er utru. Ho med parykken har kreft. Borna som leikar har så lurvete klede. Mora er arbeidslaus, veit du vel. Ser du dei med skinnjakke? Ikkje eg heller. Dei sit nok inne no.

Alt dette veit eg fordi bygdedyret stod i hjørnet av lokalet. Bygdedyret stod midt i lokalet. Bygdedyret styrte lokalet.

– Velsigna vere den som klarer å kontrollere lastene sine, seier bygdedyret.

– Velsigna vere den som kan kontrollere lastene dine, svarar eg.

«Bygdedyret stod i hjørnet av lokalet. Bygdedyret stod midt i lokalet. Bygdedyret styrte lokalet.»

Oppskrift på livet

Ingrediensar: Kjøt, tankar, jobb, fritid, kjærleik, familie, pengar, sorg, glede, innsikt, utsikt, død og diverse krydder.

Forarbeid: Byrjinga av prosessen er ikkje særleg lett å styre. Her er andre kokkar enn deg sjølv som tek kontroll. La desse kokkane tilsette ingrediensar i 0–18 år. Ta delvis over styringa undervegs, men ikkje ta på deg for mykje av kokkearbeidet før du føler deg trygg ved grytene. Familie og vener er viktige ingrediensar i den innleiande fasen. Gryta vil begynne å boble med tankar etter kvart som fleire ingrediensar kjem til. Forarbeidet er essensielt for at vidare arbeid skal gå smertefritt.

Koking: No er du kjøkkensjefen. Likevel bør du vere open for tips frå meir røynde kokkar. Ta ein dash interesser, ein desiliter jobb, to kilo fritid og rør det saman i gryta. Skru opp varmen til det småkokar, men la det for all del ikkje brenne seg fast i botnen. Smak til med kjærleik, sorg og gleder. Pass på å halde det ryddig på kjøkkenet. Hugs at det blir dyrt med oppvaskhjelp om det er for mykje rot.

Servering: Dander retten på ein tallerken og server. Appetittvekking er eit nøkkelord. La kvar ingrediens prege tallerkenen, men ikkje pøs på med for mykje. Det kan resultere i at middagsgjestene blir kvalme eller nektar å ete opp. For lite er heller ikkje bra. Ein må by fram ei tilstrekkeleg mengd av seg sjølv. Ver varsam med saus, det kan fort bli grautete. Topp retten med eit knippe kjærleik og medkjensle.

Konservering: Om det blir restar er det fleire måtar å oppbevare desse. Ein kan legge dei i frysaren. Der held dei seg godt, men blir fort gløymt. Ein kan og hermetisere, men faren med det er at det kan komme til nye ingrediensar som til dømes einsemd. Det beste alternativet er kjøleskapet. Ein blir sett vekk for ein periode, men det er kort veg tilbake til middagsbordet. Restemat er ein favoritt for mange.

Bon appetitt!

Potetåkeren

Dette er historia om potetåkeren. Ein svært gammal ein. Bøndene har sådd og hausta her lenger enn nokon kan hugse. Ingen av bøndene er samde om kva tid åkeren oppstod, men alle har eigne forklaringar. Kven, kva, kvar, kvifor, spør dei seg og viser fram gamle bøker som bevis på at deira forklaring er den rette. Dei brukte å dele mellom seg desse bøndene, flytta seg om det vart for mange på ein jordflekk. Det var jo ein stor åker, meir enn nok plass til alle.

Bøndene byrja etter kvart å dyrke ulike typar poteter. Ganske like poteter, men framleis ulike nok til at det skapte problem. Alle bøndene var overtydde om at deira potet var den einaste rette potet. Dei byrja å kaste potetene på kvarandre. Berre eg kastar hardt nok vil dei nok byrje å dyrke mi potet, tenkte dei. Berre eg snik ei av mine poteter inn blant deira poteter skal nok mi potet bli den sanne potet, kviskra dei.

Fleire Storbønder byrja etter ei tid å vralte rundt på åkeren. Dei hadde sett seg som mål å kapre mest mogleg av jordbruksarealet. Dei mislikte kvarandre sterkt og slo hardt ned på småbrukarar som dyrka eigne poteter. Småbrukarane hadde lite å stille opp med. Storbøndene kunne jo love evig liv ved dyrking av akkurat deira spesielle potet.

Ettersom åra gjekk var åkeren blitt så stor at det kravde enorme ressursar for å dyrke nok. Kvaliteten på potetene gjekk ned og folk byrja i staden å dyrke andre ting. Nokre kornbønder etablerte seg og sa klart ifrå om at dei ikkje anerkjende poteta som næringsmiddel.

Det som er litt spesielt er at innhaldet i dei ulike potetene stort sett er det same. Næringsinnhald, smak og utsjånad. Om ein studerer potetene finn ein dei same mønstera. Potetbøndene held fram med å fronte eigne poteter. Du skal ikkje ha andre potetbønder enn meg, ropar dei i munnen på kvarandre.