Malene Indrebø-Langlo

Malene er 21 år og kjem frå Florø. Ho har teke utviklingsstudiar ved Universitetet i Bergen og delteke i eit utvekslingsprogram om fredsarbeid i India. Malene har også vore fylkesleiar i AUF og bystyremedlem for Arbeidarpartiet i Flora bystyre. Foto: Bent Are Iversen

Skuggeboksing

Florø har hatt bystatus i 154 år. Det er vi florøværingar stolte av. Og vi er patriotar. Kanskje dei største bypatriotane ein finn i heile Norge. Ein må gjere seg fortent til statusen som florøværing. Ein må ha budd i byen lenge og helst vere fødd midt i Strandgata.

Førdehatet har vi hatt med oss heile livet. Allereie på lilleputtlaget i fotball fekk vi høyre at det var mykje viktigare å vinne over Førde enn det var å vinne over Naustdal. Eg veit om småbarnsforeldre som nektar å stoppe bilen i Førde for å kjøpe pølse, og ventar til Skei, uansett kor høgt ungane skrik i baksetet. For det er ei prinsippsak.

Kampen stikk djupt. På 60-talet var Førde mindre enn Dale. Så kom handelshusa. Og så tapte vi sjukehussaka. Førde vaks fram, og snart var storebror-Florø blitt veslebror. Det var bittert og det ulmande hatet vart sterkare.

Bror på 14 år sa eg vart arvelaus då eg flytta for å jobbe i Førde, eg var ei skam. Lenge unnskylda eg meg til gud og kvarmann med at «det berre er fram til jul». Og eg førebudde meg mentalt. Pugga dei beste argumenta. «Førde er berre eit lyskryss ned i ei hole. Har du sett styggare sentrum? Har du sett skjergarden og sjarmen til Florø?»

Eg var klar. Boksehanskane var på. Førdianarane kunne berre prøve seg. Men det kom ingen slag. Ingen kommentarar. Eg yppa. Ingen reaksjon. Florøværingen sat i Førde og skjønte ho kjempa ein kamp som ikkje eksisterte. Eg var forvirra.

I Førde er dei ikkje patriotar. Ingen hata Florø tilbake. Eg ville mykje heller vore den eine boksaren, mot 20 andre, enn å hoppe rundt i ringen å slå slag rett ut i lufta. Og ikkje minst, var det rart å sitte med så sterke kjensler, og vere heilt åleine om dei.