Marius Myklebust

Eit levande museumsmål

«Røyst på Ivar Aasen i VG si kåring av dei 100 mest viktige nordmennene.»

Den Facebook-ansvarlege i Noregs Mållag gjer som det er forventa av han når han oppfordrar oss til å røyste på nynorsksjefen i kåringa til bokmålsbastionen VG. Men det er jo berre tull. Sjølvsagt er ikkje Ivar Aasen den viktigaste nordmannen dei 200 siste åra. Ja, det sit eg, nynorskpraktikanten, og skriv.

Eg er ingen målmann. Eg var det ikkje då eg vart plassert som siste-skanse på smågutelaget til Hødd, og eg er det heller ikkje no når eg er praktikant i Nynorsk Avissenter.

Misforstå meg rett. Eg synest det er tåpeleg at Sunnfjord Folkeshøgskule har nettsider på bokmål «for å nå ut til eit breidt publikum», og at Aftenposten omset BT sine artiklar om Jon Fosse til eit meir anstendig språk. Men det gjer meg jo ikkje til målmann.

Å skrive nynorsk er som å vere avhaldsmenneske. Det må forklarast. Folk godtek ikkje at eg berre gjer det. Dei må ha ein grunn. Handlar det om identiteten min? Er eg medlem av mållaget?

Om eg ikkje har ein særskilt grunn til å gjere det, er det heilt irrasjonelt å skrive spynorsk, seier bokmålsfolket. Å skrive nynorsk utan å gå med Ivar Aasen-underbukse (ja, det finst), det blir for mykje for nynorskfolket.

Eg skriv nynorsk fordi eg alltid har gjort det, og fordi eg skriv betre nynorsk enn eg skriv bokmål. Det er ikkje verre enn det. Svaret blir ikkje godteke av målpolitiet, men la gå.

«Nynorsk skal vere eit levande mål», proklamerer Ivar Aasens venner. Flott. Då må de legge frå dykk forklaringsjaget. Den dagen det berre er målfolk som skriv nynorsk, er det berre å plassere Nynorskordlista til Alf Hellevik saman med Aasens «Ordbok over det norske Folkesprog» på ei museumshylle i Ørsta og låse døra.

«Nynorskens største problem i dag er at den held på å verte eit elitespråk», sa Einar Førde. Eg har ei lita justering. Nynorsken er i ferd med å bli eit språk for spesielt interesserte. Dei som har ein grunn.

Kjernen i Sogn og Fjordane-nøtta

I   førre veke var eg i Askvoll for å dekke eit kommunestyremøte. På veg utover gjekk det opp for meg: Om eg følger med på alt som skjer utanfor bilvindauget, får eg sjå Distrikts-Norge i eit nøtteskal. Kranglane, sigrane, tapa, heile pakken. Bli med på tur!

Vi startar i Førde. Fylkessenteret. Men byen er langt frå like stor og kraftfull som han kunne vore. Årelang krangling med Florø, Sogndal og dei andre større tettstadene har sett sine spor. Mange vil hevde at fylket lid under mangelen på eit skikkeleg urbant sentrum. Oppover mot Langeland går det trått. To fulllasta vogntog ligg framfor meg. Dei klarer ikkje meir enn 40 kilometer i timen opp dei bratte svingane. Ferjefri E39 er vel og bra, men sørg no for å gjere noko med desse  svingane.

Opp på flata. No køyrer vogntoga plutseleg i hundre, så då kan eg ikkje køyre forbi. «57 Bygstad» står det på skiltet med pil til høgre. Eitt av vogntoga set på blinklyset. Då veit eg iallfall at eg ikkje skal køyre der i dag. Eg vil ikkje stå og vente på at trailersjåføren skal snirkle seg forbi ein møtande rutebuss. Eg køyrer om Sande.

Men hald igjen. Vi må ikkje gløyme flyplassen. Hadde verksemder som Enoro og Lotteri- og Stiftelsestilsynet hatt hovudkvarter i Sunnfjord utan Bringeland? Neppe.

I Sande arbeider dei for fullt. Vinteren har vore mild, så arbeidet med ny europaveg forbi Sande er godt i rute. Eg har køyrt ein del mellom Bergen og Sunnmøre med nevøar i baksetet, og er det ein stad dei blir bilsjuke, så er det i svingane inn mot Sande.

Det er ikkje mange vegar som har så variabel standard som mellom Sande og Dale. Her får ein alt frå delvis asfaltert krøttersti til autostrada. Eit lite stykke med firefelts, så hadde det vore verdsrekord.

Og så har vi Dalsfjordbrua då. Norges mest utskjelte bru? Nei, den tittelen tek nok Hardangerbrua. Og når vi er inne på det. Men flott er ho, og fornøgde er dei i Dale og Askvoll.

I Holmedal ligg det ein skule, og på skiltet står det Holmedal Montessoriskule. Den store tettleiken av alternative skular på norske bygder er eitt av dei mest pussige utfalla av ein pussig distriktspolitikk.

Framme i Askvoll. No veit du kva eg meiner er kjernen i Sogn og Fjordane-nøtta. Vegar, vegar, Førde mot røkla, vegar, vegar, bruer, tunnelar, flyplassar, skular, vegar og vegar.

Heller enkelt og effektivt enn koseleg og kronglete

Eg hadde det med å velje søndagar som reisedag då eg skulle tilbake til Bergen til eit nytt semester. Det var om å gjere å skvise mest mogleg ut av sunnmørssommaren før ein ny teori- og kaffitung haust i Bergen.

Denne augustdagen hadde eg billett frå Vigra lufthamn i staden for Ørsta-Volda, sjølv om sistnemnde er det desiderte førstevalet etter at fastlandssambandet kom.
Sidan det var søndag og for ein gongs skuld ikkje var sørvest kuling, 9 grader og regn, tenkte eg og foreldra mine å kombinere turen til flyplassen med å ete middag i Ålesund.

Det var eit trist syn som møtte oss. Alle dei utmerkte fiskerestaurantane på begge sider av Brosundet heldt stengt søndagar. Vi enda opp med pizzabuffet på Egon.
Sentrum av Ålesund er vakkert, men stein daudt. Så lenge det ikkje er ein festival av eitt eller anna slag, eller eit cruiseskip på besøk, er gatene nær sagt folketomme.

Årsaka er ikkje vanskeleg å finne. Kjøpesenteret på Moa er mellom landets største og altfor stort for ein by som Ålesund og eit omland som Sunnmøre. Og no kjem der Ikea-varehus òg. I Bergen er ikkje stoda mykje betre. Sentrum er i live enno, men det er fordi det blir berga av turisme og studentar. Dei fleste handlar helst i Lagunen eller Åsane. Det er berre å godta det, vi vel helst det enkle og effektive framfor det koselege og kronglete. Om valet står mellom koseleg julehandel i eit Bergen sentrum med pissregn og mangel på parkeringsplass, eller effektiv handel med parkeringshus i Lagunen, er valet enkelt for dei fleste.

Førde står på mange måtar på trappene til å bli «skikkeleg» by. Nokre nyfødde, nokre arbeidsinnvandrarar og nokre trafikklys til, så er de der. Då gjeld det at de førdianarar får til å skape ein by som er enkel, effektiv og koseleg, men ikkje kronglete. Då skal de iallfall ikkje la dykk inspirere av dei næraste bynaboane i sør og nord.

Om de gjer det, endar de fort opp med å ta mange søndagsmiddagar på Egon på Brulandsvellene i framtida.

Framand i fjordfylket

Eg er den framande. «Utfylkingen». Innflyttaren. Dei andre praktikantane i vårens kull har du kanskje høyrt om før. Dei er frå Askvoll, Førde og Jølster. Men eg er eit utskrive blad for dei fleste Firda-lesarar. Eg kjem flyttande, men ikkje langvegs frå. I studietida har eg gjort meg til bergensbuar, men det er sunnmøring og ulsteinvikar eg er.

Når eg no har avslørt det, har du nok gjort deg opp ei meining. Møringen er ein rik, høgrøysta, kjepphøg og gniten skrytepave. I populærkulturen står karakteren «Tråle» i teiknefilmane om redningsskøyta «Elias» som det fremste bildet på korleis vi oppfører oss nord for Stadt.
Det er verken sunnfjordingar, nordfjordingar eller sogningar med i Elias-filmane. Eg må med andre ord ta til takke med mine eigne stereotypiar når eg no skal freiste å forstå framtidsfylket.

Eg har eigentleg slått heile Sogn og Fjordane over ein kam. Mitt bilde av sunnfjordingen, sogningen, nordfjordingen har vore av eit roleg og avmålt folkeferd. Eg har sett for meg at «vi tek det som det kjem»-haldninga står sterkt her nede.
Men eg er jo ikkje tunghøyrd. På transportetappane mellom Bergen og Sunnmøre med NRK Sogn og Fjordane på radioen har eg fått med meg at det har vore litt småkrangling om sjukehus og vegtrasear.

«Småkrangling?!» ropar du nok no medan du set morgonkaffien i halsen. Du har rett. Den vesle veka eg har vore her, har eg forstått at eg må viske ut inntrykka eg har hatt. Vi kranglar på Sunnmøre òg, men her i fylket tek de det til eit nytt nivå. Det er flott, iallfall for meg. Konfliktar eignar seg ypparleg i journalistikken.