Close

Statsbudsjettet sikrar vidare drift

Del innlegg

Stiftinga Nynorsk avissenter er sikra vidare drift i 2017.

Det er klart etter at framlegget til statsbudsjett vart kjent 6. oktober.

Språkrådet skal fordele

– Vi er med og ventar ei løyving på same nivå som i år. Endringa i framlegget frå regjeringa er at Språkrådet no skal fordele pengane mellom fleire språktiltak, seier Ivar Myklebust Longvastøl, leiar for Stiftinga Nynorsk avissenter.

– Samstundes seier regjeringa at dei legg til grunn at tilskota for neste år vert ført vidare på om lag same nivå som i 2016, seier Longvastøl.

Effektiv drift

Stiftinga Nynorsk avissenter får 2,242 millionar kroner  tilskot frå staten ved Kulturdepartementet i 2016. Saman med ei løyving på 560.000 kroner frå vertsavisa Firda Media, har dette gitt eit godt grunnlag for opplæringa av åtte journalistpraktikantar i året. Dagleg leiar er den einaste fast tilsette i Nynorsk avissenter.

– Vi driv svært effektivt og får mykje ut av pengane, seier Longvastøl.

Han er skuffa over at regjeringa sitt framlegg ikkje gir rom for venta løns- og prisvekst.

Publisert 6. oktober 2016