Praksisplassane er klare

Kull 7 i Nynorsk avissenter, f.v. Anna Trondsdotter Versto, Eirik Dyrøy Lotsberg, Ingunn Gjærde og Snorre Standish Norheim. Biletet er frå Astruptunet i Jølster. 

Haustens praktikantar skal snart ut av rugekassa i Firda og til fire nye aviser etter jul.

Anna Trondsdotter Versto (22) frå Bergen får prøve seg i Vest-Telemark Blad, med base i Kvitseid. Anna har morsslekta i Vinje, og ho gler seg til å bli enda betre kjend i Vest-Telemark.

Eirik Dyrøy Lotsberg (22) frå Landro på Sotra reiser litt sørover på vestlandskysten. Han skal til Husnes og Kvinnheringen i Sunnhordland, og Eirik får prøve seg i ei lokalavis kjend for å hente prisar for god journalistikk og spenstig bladbunad siste åra.

Ingunn Gjærde (25) frå Nedstrand i Rogaland vil halde til i nabolaget, på Leirvik i Stord, der ho skal skrive for framtida.no med redaktør Svein Olav Langåker som rettleiar. Framtida vart etablert for å styrkje nynorsken og engasjere unge lesarar. Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) har det økonomiske ansvaret for nettavisa.

Snorre Standish Norheim (26) frå Bryne ønskte seg til Stavanger Aftenblad, og han har fått plass i den største avisa i Rogaland i januar og februar.

– For Nynorsk avissenter er det avgjerande å levere flinke praktikantar til mange redaksjonar som brukar nynorsk. Det er første gong vi har praktikantar i desse fire avisene, og det er stas, seier Ivar Myklebust Longvastøl, leiar for Nynorsk avissenter i Førde.

– For praktikantar og redaktørar er dette eit høve til å bli kjende med kvarandre og knyte kontaktar, understrekar han.

Opplæringa i Nynorsk avissenter varer i eit halvt år. Først fire månader med praksis, kurs og førelesingar i Firda Media i Førde, og deretter to månader i ein annan redaksjon. Nynorsk avissenter vart etablert i 2013, og haustens fire praktikantar er det sjuande kullet herifrå. Kull 8 tek til i Førde 4. januar.

Publisert 11. november 2016