Close

Marknadssjef i Skald

Del innlegg

Åsta Urdal har fått jobb som marknadssjef i Skald forlag.

Etter at Åsta var ferdig i Nynorsk avissenter (kull 4) våren 2015, har ho vore innom Firda, NRK Sogn og Fjordane, og ho har jobba frilans og prøvd seg som lærarvikar. Hausten 2016 dukka stillinga som marknadskonsulent i Skald forlag opp, og frå februar kan Åsta titulere seg som marknadssjef i fast stilling, 100 prosent.

– Det er kjekt, hektisk og masse å lære, fortel ho frå juleinnspurten.

Då vi snakka med Åsta, var ho i gang med å opprette eit arrangement på Facebook. Gunvor Rasmussen illustrerer godnattbok-serien til Skald, og teiknaren skal møte kundar til signering på Norli bokhandel i Bergen. Det praktiske fiksar Åsta.

Skald er eit lite forlag i Leikanger i Sogn. Forlaget utmerkar seg med kvalitetsbøker på nynorsk, der utforming vert lagt stor vekt på. Skald har fire tilsette og ein omsetnad på 6-7 millionar kroner dei siste åra. Rekneskapen viser plusstal sidan 2012, med eit driftsoverskot på ein million kroner i 2014 som toppresultat.

Ei bråte gule hugselappar på kontorplassen dokumenterer at jobben er mangfaldig. Åsta pakkar bøker, skriv rekningar, tek telefonar i aust og vest – ringjer bokhandelen på Voss og Ingvild på Lagunen i Bergen, og ho skriv nyhendebrev og pressemeldingar.

– Og journalistikken og opplæringa på Nynorsk avissenter?

– Eg har sjølvsagt nytte av det når eg skriv pressemeldingar. Dessutan fekk eg generell kunnskap om Sogn og Fjordane og eit nettverk som eg har nytte av no. I Firda og NRK laga eg vanlegvis ei sak om dagen, her skifter det meir. Vi er eit lite forlag, og då vert eg involvert i det meste, også i kva for bøker vi skal gje ut, seier ho.

Åsta bur på Leikanger, med sambuar Niguel Soeiro frå Portugal. Han arbeider på Ciderhuset i Balestrand, nokre kilometer og over ein fjordarm lenger ute i Sognefjorden.

Publisert 28. desember 2016