Martin Årseth

Martin Årseth er 28 år gamal og frå Alversund i Nordhordland. Han har studert historie i Bergen, og freistar seg no på Nynorsk avissenter. Elles likar han sport. (Foto: Bent Are Iversen)

Kompromiss på 1-2-3

Kommunesamanslåing er kompromiss. Me lyt leggja til side nokre kjepphestar for å tekkjast naboane. Symbola er gjerne dei vanskelegaste. Kvar ordføraren skal ha kontor, korleis kommunevåpenet skal sjå ut, og sjølvsagt: kva kommunen skal heite.

Då Firda bestilte meiningsmåling om kva kommunenamn folket ville ha, skåra Sunnfjord og Indre Sunnfjord nedst hjå alle. Geografisk, demografisk, politisk. Meiningsmålarane fann berre støtte for Indre Sunnfjord i SV og Indre Sogn. Dei vil nok båe seia at det er det indre som tel.

Men dei fire formannskapa lét seg ikkje påverka av kva folket meiner, og gjekk saman for Indre Sunnfjord. Det er det einaste naturlege. Kjernen i eit godt, gamaldags kompromiss finn me i kjernen av mennesket.

Ifølgje ei undersøking DNB gjorde i fjor kranglar éin av tre med naboen. Gjerne om eit tre, eller to.

Sunnfjordingar er som nordmenn flest eit oppofrande folkeferd, reknar eg med. Med vilje til å bruka både tid, kreftar og pengar på andre menneske. Gjerne år og hundretusenvis av kroner. Så lenge naboen irriterer seg over treet på tomtegrensa, vil eg setja himmel og jord i rørsle for å la det stå der. Eg kan godt sitja litt i skuggen sjølv.

Nettopp difor trur eg kommunane kan semjast om namnet ingen likar. Eg kan godt bu i ein kommune eg ikkje likar namnet på, så lenge dei andre i kommunen likar det minst like lite.

Og PS: Ikkje sei til nokon at det står eit stort tre midt på kommunegrensa og skuggar for naboen.

Trivselsfaktoren

Den færøyske avisa Dimmalætting kunne i veka stolt melda at færøyingane brukar minst viagra i Norden. Færøyingane brukar berre halvparten så mykje som dei naturlege rivalane i Danmark. Finnane er dei verste, og brukar fem gongar så mykje potensmiddel som øynaboane våre ute i havet.

Sjølvsagt er Sogn og Fjordane fylket her i landet der mennene treng minst viagra. Trivselsfylket.

Faktisk er kartet over kven som brukar minst potensmiddel ganske samanfallande med kvar folk skriv nynorsk. Dei fire sterke nynorskfylka er på botnen: Sogn og Fjordane aller minst, så følgjer Rogaland, Møre og Romsdal og Hordaland. Ikkje så rart, vil eg seia. Aasmund Olavsson Vinje skreiv i eit brev til ein ven at «eg kann gjerne millom os segja [eg er] dreven av erectio penis». Det er songtid for poeten slik det er for fuglen, skriv han. Eg treng nok ikkje nemna at Ah.Oh. Vinje var den første skrivande som tok i bruk landsmål.

Om viagrabruken er likt fordelt, vil lite bruk tyde på lita kjønnsdrift. Men me kjenner jo frå før til at kvinnene i Sogn og Fjordane lenge har vore dei klart mest fruktbare i Noreg. Og det gjer seg ikkje sjølv. Kvifor skulle det ikkje vera slik? Tilhøva ligg jo godt til rette.

Rogaland er så vidt forbi no, men me får godta det så lenge Rogaland har fleire nynorskbarn i skulen enn Sogn og Fjordane. Og kven er mest fruktbare i Europa? Det er sjølvsagt dei islandske kvinnene, berre eit godt innslag framfor vestlendingane. På den andre sida høyrde me i nyhenda før jul at det er kristiansandarane med dei danske konsonantane som onanerer mest i landet.

Ikkje rart me er opptekne av språket i regionreforma. Tek dei frå oss språket, tek dei kjønnsdrifta med det same.

Sanning og forbanna dikt

I 1998 vart den amerikanske journalisten Stephen Glass avslørt for å ha skrive falske reportasjar for den amerikanske vekeavisa The New Republic. Glass skreiv om fyllefestar i studentorganisasjonen til det republikanske partiet, ein ungdom som fekk jobb i selskapet han hacka datasystemet til, og om narkotikapolitikk. Alt heilt eller delvis oppdikta.

Ein forfattar fortalde meg om kvifor han brukte ekte namn og historier i romanane sine. «Litteraturen må vera sannsynleg. Men slik er ikkje verkelegheita.» Dei beste historiene greidde han ikkje dikta opp sjølv, så han brukte verkelege historier i staden. Historier naboane fortalte om seg sjølve eller andre. Men historiene folk kunne skjemst av, dikta han opp namn til. Han måtte jo syta for at dei kunne stola på han.

Glass følte kanskje på presset om å levera spanande historier. Journalistar, forskarar og mange andre vert freista til å juksa litt. Jamvel Ingrid Espelid Hovig juksa lite granne. Men historiene er gode nok, det er berre om å gjera å finna dei. Noko kan vera for godt til å vera sant, men ingenting er for sant til å vera godt.

Som journalistar får me gjera nett det. Me får sjå kor usannsynleg både verda og Sunnfjord er, og me får leita etter dei gode og sanne historiene. Og attpåtil skriva og fortelja dei. Det er eit enormt privilegium. Me treng ikkje eingong dikta opp historier. Sjølv om det nokre gongar kunne vore fint å dikta opp berre litt.