Cecilie og Ivar tek over ansvaret for Firda Ung

Tidlegare nynorskpraktikantar tek over ansvaret for Firda Ung.

Cecilie Brendehaug Rysjedal frå Leirvik i Sogn var praktikant i Nynorsk avissenter hausten 2015 (kull 5). Ho valde vidare praksis i Firda og har arbeidd i avisa i Førde sidan.

Ivar Bruvik Sætre frå Førde var praktikant våren 2016 (kull 6). Han heldt også fram i Firda og har dermed eit lite jubileum å feire – over eitt år som journalist.

No har Cecilie og Ivar teke styringa med Firda Ung-redaksjonen i Firda, som ein del av stillinga. Cecilie samlar redaksjonen på seks ungdommar til redaksjonsmøte ein ettermiddag i veka, der dei evaluerer og bestemmer seg for nye saker. Cecilie har også hovudansvar for å rettleie og følgje opp dei unge journalistane.

Ivar har fått frie tøylar med mobiltelefonen og lagar elleville snappar som du kan sjå ved å følgje firdaung på Snapchat.

Journalistane i Firda Ung må søkje på jobben. Dei vert kalla inn til intervju, og dei får betalt for jobben.

Redaksjonen har undersøkt festkulturen på hyblar. Dei har fortalt sterke historier, til dømes om 16 år gamle Remah som fekk sin første seksar etter at ho lenge hadde slite med å komme over 2 i matte. Også mange nyhende-saker som eldre journalistar truleg ikkje ville plukka opp. Nyleg om skatarane i Florø som vil ha tak over den nye skateparken i byen.

Publisert 5. februar 2017