40.000 klikka på annonsen. Eirik (22) fekk jobben

Eirik Dyrøy Lotsberg (22) fortel om tida i Nynorsk avissenter og Kvinnheringen. No ventar fast jobb i Hardanger. Foto: Ivar Myklebust Longvastøl 

For eitt år sidan nærma eg meg fullført bachelorgrad, med ei usikker framtid i vente.

– Eg var eigentleg ganske pessimistisk med tanke på å få meg jobb, og var veldig usikker på kor vegen skulle gå vidare. Så vart eg kalla inn til intervju i Nynorsk avissenter. Og no, under eit år seinare, har eg fått meg fast jobb som journalist, fortel Eirik Dyrøy Lotsberg, praktikant i kull 7.

40.000 sjekka stillingsannonsen

Stillingsannonsen frå Hordaland Folkeblad, lokalavisa for Kvam og Jondal, fekk enorm merksemd då ho vart publisert i fagbladet Journalisten på etterjulsvinteren.

Redaktør Sigbjørn Linga var på jakt ein journalist som «ikkje forventar kantine med varme quesadillaer og Tesla som firmabil, men set pris på ein arbeidsplass med moderne data- og fotoutstyr, tenlege kontorlokale, fredsæle og venlege kollegaer, kjøleskap med innebygd frysar, hypermoderne frankeringsmaskin, mindre moderne mikrobølgjeomn, vasskokar, kombinert kopimaskin og skannar og Toyota Auris.«

Teksten var original, og rå ærleg, og annonsen vart delt og fekk over 40.000 visingar.

Store krav i avissenteret 

Eirik fortel:

– Eg skal prøve å kort oppsummere dei siste sju månadene. I august vart vi fire praktikantane kasta rett uti det, med innføring, kursing og omvising i Førde, før vi begynte å produsere for Firda andre veka. Det vart stilt store krav til oss allereie frå byrjinga, men med god rettleiing frå mentorar, faglærar og andre kollegaer gjekk det bra. Undervegs fekk vi kursing i mange interessante tema, av svært dyktige og inspirerande fagfolk. Om eg på førehand hadde vore litt usikker på om dette eigentleg var riktig retning å gå, forsvann den tvilen ganske fort. Det var ei journalistutdanning på speed, og kombinasjonen av kursing og praksis fungerte ypparleg. Det ein lærte éin dag, fekk ein bruk for den neste.

Om redaktør Linga var fornøgd med responsen, og korleis det gjekk til at Eirik fekk jobben, kan du lese her.

Herleg tid i Kvinnheringen

– Då eg skulle i vidare praksis i Kvinnheringen, visste eg ikkje kva eg gjekk til. Eg hadde vore på Husnes éin gong før, på fotballcup som 11-åring. Eg hadde høyrd at avisa vann prisar i hytt og pine, men eg tok ikkje heilt inn over meg kva det innebar. Det som møtte meg var ein utruleg herleg, utruleg dyktig gjeng som tok svært godt imot meg. Her fekk eg nytta mykje av det eg hadde lært på hausten, og utvikla meg endå meir som journalist.

– Og berre i den tida eg har vore her, har avisa og journalistane vunne fire prisar og fått to heiderlege omtalar. Så kom den gode nyheita: eg fekk fast jobb i Hordaland Folkeblad. Som sagt, for eitt år sidan hadde eg ikkje sett for meg at ein fast stilling som journalist låg i den næraste framtida mi. Eg er utruleg nøgd med det eg har lært gjennom Nynorsk avissenter, og med alt eg har fått oppleva på vegen.

Publisert 31. mars 2017