Fekk fast jobb i første forsøk

Ingunn Gjærde frå Nedstrand i Rogaland har utsett masteroppgåva for å jobbe i lokalavisa.  Foto: Camilla Korsnes, Bladet Tysnes

Dagane er varierte i ei lokalavis!

– Ein mann eg intervjua til eit miniportrett, fann ut at eg måtte ha eit spenstig bilde, så då tok han like godt å hoppa i sjøen, fortel Ingunn Gjærde (26).

Ho byrja i fast jobb i Bladet Tysnes 6. mars og har allereie fått smake på det varierte livet som journalist i ei typisk norsk lokalavis.

Har solid utdanning

Ingunn fortel:

–Dei første vekene i Bladet Tysnes har vore veldig kjekke. Allereie nå har eg dekka både større politiske møte, barnehageprosjekt, bokbåten og andre kulturelle arrangement. Og førre veke var eg med 100 skuleelevar på fjelltur, til inntekt for kreftforeininga.

Ingunn har brei og solid utdanning, som bachelor både i medievitskap og samanliknande politikk. Ho var i gang med master i demokratibygging, men sette oppgåva på vent då ho fekk plass i Nynorsk avissenter hausten 2016. Ho har også praktisk-pedagogisk utdanning og har arbeidd som adjunkt i vidaregåande skule.

Praksis i Framtida.no 

Etter fire månader i Nynorsk avissenter og Firda, valde ho praksis i Framtida.no.

– Eg hadde to veldig fine månadar der. Det var ein super plass å ha praksis, der eg fekk brukt mykje av kompetansen eg tileigna meg i Førde.  Det er spanande å skriva saker som skal treffa eit litt yngre publikum, og som skal fungera i ei nasjonal nettavis, seier ho.

– Både i Framtida.no og på Tysnes er det mindre redaksjonar, og det vert forventa at ein tar ansvar og deltar aktivt. Fordelen med at ein er i redaksjonar med ikkje så mange tilsette, er at det er større moglegheiter for å komma med innspel og nye forslag.

Les intervjuet med Ingunn i Bladet Tysnes her. 

Publisert 31. mars 2017