Molde, Husnes og Oslo ventar praktikantane

Vårens praktikantar (kull 8) i Nynorsk avissenter, Mone Celin Skrede (oppe f.v.), Martin Årseth, Svein Olav Sæter og Ragna Bogsnes Hegge.

Romsdals Budstikke, Kvinnheringen, Klassekampen og Dag og Tid.

Etter fire intensive månader i Firda, ventar to praksis i to månader i ein annan redaksjon.

Svein Olav Sæter (20) frå Molde ønskjer seg tilbake til heimbyen og får prøve seg i Romsdals Budstikke. Regionavisa i Romsdal er språkdelt, og det er første gong Nynorsk avissenter har praktikant der.

Ragna Bogsnes Hegge (20) frå Husnes i Kvinnherad skal også heim att i praksis. Eirik Dyrøy Lotsberg (kull 7) har nyleg avslutta praksisen sin der, og går direkte til fast jobb i Hordaland Folkeblad. Ragna går til ei avis med svært godt miljø, og med tradisjon for å vinne prisar i aust og vest for god journalistikk og spenstige marknadstiltak.

Martin Årseth (28) frå Alversund i Nordhordland ønskjer seg til ei avis der han får bruke kunnskapen sin om distrikt, primærnæringar og politikk, og då er Klassekampen eit godt val. Avissenteret har hatt fire praktikantar før i den framgangsrike avisa.

Mone Celin Skrede (25) frå Hareid på Sunnmøre skal til Dag og Tid, ei stor, nynorsk vekesavis med redaksjon i Oslo. Mone har skrive fast kommentar i Dag og Tid etter at ho kom til Nynorsk avissenter i januar.

Dei to månadene i ekstern praksis er ein del av opplæringa på seks månader i Nynorsk avissenter. Etter fire månader i avissenteret og avisa Firda, kan praktikantane komme med ønske om praksis i ein annan redaksjon.

Publisert 31. mars 2017