Her er skryteveggen vår

28 praktikantar har fått opplæring i Nynorsk avissenter. Over 70 prosent jobbar i dag med journalistikk og kommunikasjon. Foto: Nynorsk avissenter

Det siste halvåret har 10 av praktikantane i Nynorsk avissenter fått jobb som journalistar. 

Då reknar vi med både faste jobbar og vikariat. To har fått fast jobb innanfor kommunikasjon og marknadsføring.

– Det er vi godt fornøgde med, slik tidene er i mediebransjen, seier Ivar Myklebust Longvastøl, journalist og leiar i Nynorsk avissenter.

Over 70 prosent 

Det første kullet tok til i Nynorsk avissenter og Firda i august 2013. Sidan har 28 fått opplæring her. 16 av dei arbeider i dag som journalistar. Fire har fått fast jobb i kommunikasjonsbransjen. Det gir ei utteljing på vel 70 prosent.

Resten tek vidare utdanning eller har andre jobbar.

Skryteveggen

På klasserommet til Nynorsk avissenter i Førde heng bilde av alle som har avslutta opplæringa, fordelt på sju kull. Det åttande kullet er i Førde no, og dei skal snart ut i praksis i andre redaksjonar, i mai og juni.

… og skrytelista

Her er lista over dei som har fått arbeid sidan august i fjor:

Ina Eirin Eliassen (kull 1) har fått fast jobb i Hallingdølen på Ål, der ho kjem frå. Ho samla først praksis i Sunnmøringen og Porten.no.

Camilla Aasen Bø (kull 2) har fått eit års vikariat i Nordhordland i Knarvik. Avisa dekkjer fleire kommunar i regionen, i knallhard konkurranse med Strilen.

Malene Indrebø-Langlo (kull 3) er tilkallingsvikar i Bergens Tidende, og ho er tilsett i eit sju månaders vikariat i samfunnsavdelinga i same avisa.

Åsta Urdal (kull 4) har fått fast jobb som marknadssjef i Skald forlag i Leikanger i Sogn.

Camilla Skjær Brugrand (kull 5) har fast jobb som journalist i Dagens Perspektiv/Ukeavisen Ledelse.

Cecilie Brendehaug Rysjedal (kull 5) har vore vikar i Firda sidan ho avslutta opplæringa i Nynorsk avissenter. Det same gjeld Ivar Bruvik Sætre (kull 6). Dei to har ansvaret for Firda Ung-redaksjonen.

Elise Løvereide (kull 6) har skrive for Framtida.no og Nordhordland, og i vår vikarierer ho i Dag og Tid.

Erlend Astad Lorentzen (kull 6) gjekk frå informasjonsstilling i Os kommune til fast jobb i Havforskingsinstituttet i Bergen. Der skal han formidle kunnskap om havet og forskinga der.

Kjell Åsmund Sunde (fjerdemann i kull 6) er tilkallingsvikar i Nynorsk Pressekontor. Han har hatt fleire jobbar for Norsk Barneblad, har vikariert i Firda og skriv for ulike fagblad.

Ingunn Gjærde (kull 7) går rett frå avissenteret og ekstern praksis i Framtida.no til fast jobb i Bladet Tysnes i Sunnhordland.

Strake vegen også for Eirik Dyrøy Lotsberg (kull 7) til fast jobb i Hordaland Folkeblad i Hardanger.  Han fekk stillinga som gav stor merksemd og mykje glede etter ein uvanleg spenstig stillingsannonse.

Publisert 4. april 2017