Close

Hard kamp om plassane

Del innlegg

Frå venstre Tormod, Karen Anna, Beate, Nora og Rita Iren. Fotomontasje: Bent Are Iversen

Her er dei fem utvalde som får plass i Nynorsk avissenter i haust. 

17 søkte. 11 var på intervju. Fem fekk plass.

Tormod Johnsen Ytrehus, 25 år, frå Orkdal/Trondheim, valkampsekretær, har studert språk og samfunnsfag.

Karen Anna Kleppe, 21 år, frå Kvinnherad. Karen Anna har vore russepresident, troppsassistent i eit ingeniørkompani og no styrer ho ein kaffibar i Oslo.

Beate Johanna Haugtrø, 37 år, frå Kvam i Nord-Trøndelag. Erfaring som fotograf og teknikar i NRK. No miljøarbeidar på akuttpsykiatrisk post.

Nora Rydne, 24 år, frå Bærum, master i statsvitskap. Har jobba for Studentmediene i Trondheim.

Rita Iren Hestad, 27 år, frå Bygstad/Førde, jobbar i bank og tek agronomutdanning. Småbrukar.

Meir pengar – ein praktikant til

– Vi hadde svært mange gode søkjarar denne gongen, seier dagleg leiar Ivar Myklebust Longvastøl.

Ansvarleg redaktør og dagleg leiar Yngve Årdal i Firda og Myklebust Longvastøl intervjua heile 11 søkjarar. Kandidatane fekk også prøve seg på oppgåver i journalistikk og språk for å vise at dei har talent og kunnskap til å meistre yrket.

Som ein følgje av at Nynorsk avissenter fekk meir pengar over statsbudsjettet i 2017, tek avissenteret inn fem praktikantar i dette kullet, mot fire i dei føregåande.

Klar overvekt av kvinner

Haustens kull er det niande sidan starten i 2013. Så langt har det vore ei klar overvekt av kvinner. 23 mot 13.

– Denne gongen er det ekstra gledeleg at vi får med to trønderar, seier Myklebust Longvastøl.

– Målet er å rekruttere nynorskbrukarar frå heile landet, og det er viktig å få inn personar frå område der nynorsken er pressa, understrekar han.

Publisert 1. juni 2017. Endra 4. juli 2017.