Ung praktikant får stor tillit

Nyhenderedaktør Torill Skuseth er rettleiar for Svein Olav Sæter.  Foto: Nynorsk avissenter 

Nyhenderedaktør Torill Skuseth i Romsdals Budstikke er svært godt fornøgd med Svein Olav Sæter frå Nynorsk avissenter. Svein Olav er 20 år og den yngste praktikanten nokon gong i avissenteret, og han er den første nynorskpraktikanten i Romsdals Budstikke i Molde.

Svein Olav leverer minst ei sak per dag, og han får stadig nye utfordringar. Frå å dekke næringslivskonferanse til ei rettssak etter at ein ung mann frå Åndalsnes vart slegen ned utanfor heimen sin og døydde av skadane.

For Nynorsk avissenter er det viktig og kjekt at moldensaren Svein Olav leverer så bra på heimebane. Avisa ønskjer seg også fleire journalistar som skriv nynorsk.

Romsdals Budstikke har hovudkontor i Molde sentrum. Avisa dekkjer ti kommunar i Romsdal og på Nordmøre og har eit opplag på 15056 (2016). Polaris Media eig det største mediehuset i Romsdal.

Svein Olav avslutta vidaregåande skule i fjor. Han fylte 20 i mars og skal vidare til førstegongsteneste i Forsvaret.

Publisert 1. juni 2017