Mone er på vinnarlaget

Mone Celin Skrede og redaktør Svein Gjerdåker i Dag og Tid har funne tonen.  Foto: Ivar Myklebust Longvastøl 

Det er fredag, klokka er 11.15, og det er tid for evalueringsmøte i bladstova til vekeavisa Dag og Tid.

Av praktikant Mone Celin Skrede

Sju faste journalistar går inn på kontoret til redaktør Svein Gjerdåker med kvar si avis. Vi skal gå gjennom produktet. Og når vi skal presentere sakene våre til neste veke, er det ingen nåde. Eg er nøydd til å ha eigne, aktuelle framlegg å kome med.

Tida fram mot møtet har eg brukt til å lese avisa, bu meg, og orientere meg om nyhendebiletet i verda. Resten av dagen skal eg bruke på å avtale intervju, intervjue, planleggje saker, og skrive notisar og anna fast småstoff. Veka er starta på nytt, sjølv om det er fredag.

Då eg kom til Førde og Nynorsk avissenter rett over nyttår, hadde eg alt knytt band til Dag og Tid. På slutten av høgskuleutdanninga mi hadde eg praksis her, og visste at eg ville trivast. Og då eg fekk tilbod om å skrive ei eiga spalte for dei, vaks det fram ein idé om å reise attende. Skrivelysta melde seg, og i Dag og Tid får eg lov til å verkeleg bry meg om teksten. I mai vann Dag og Tid Fritt Ords pris for god journalistikk, og eg fekk kjenne på å vere med på vinnarlaget.

Kvar veke har eg levert ei lita samfunnsspalte, med nye tema for kvar gong. Og det lønte seg å bite seg fast, for ein månad etter første attersyn med redaksjonen kom gladnyhendet: Eg får halde fram hos Dag og Tid ut året, i ei lågare stilling etter sommaren. Denne veka tek eg òg over ansvaret for ordskiftesidene i avisa, og den 23. juni debuterer eg som quizmeister.

Vi er få i redaksjonen, og alle speler ei avgjerande rolle. Eg fekk tillit frå dag éin, og har aktivt medansvar for kvar einaste avis. Papiravisa går i trykken torsdag, og vi må ha levert det siste av stoffet onsdag. Vi skriv om det som ligg bak nyhenda, og vi får lov til å gå i djupna. Då må vi halde oss oppdaterte.

Publisert 7. juni 2017