Fast jobb i Strilen

Erlend Nordland Kristiansen, offisielt portrett som heng på veggen i Nynorsk avissenter, saman med 31 andre.  Foto: Bent Are Iversen

Erlend Nordland Kristiansen (26) har fått fast jobb i Strilen. 

I sommar spratt det opp ei ny, hyggeleg melding på mobiltelefonen, frå redaktør Stig Erik Elliott i i Strilen: «Hei! I dag har me tilsett Erlend i fast stilling (…).»

Erlend var praktikant i det femte kullet i Nynorsk avissenter, hausten 2015. Han var bestemt på at han ville til lokalavisa Strilen i heimbygda Knarvik dei to siste månadene av praksisen, og eitt og eit halvt år seinare har han altså fått fast stilling der.

– Godt å få det avklart. Startar opp i midten av august. Full rulle med sommarvikariat i Strilen og Vestnytt fram til det, melde Erlend tilbake då Nynorsk avissenter gratulerte han med jobben for nokre veker sidan.

Hiv seg rundt

– Me tilsette Erlend fordi han er ein oppegåande, ung mann som tydelegvis har fått god skolering. Gjennom vikariat i Strilen har han vist at han er stø på det grunnleggjande, journalistiske handverket. Samstundes er han oppdatert digitalt, nysgjerrig i forhold til å gå ny vegar med journalistikken og van med å hiva seg rundt der det skjer og når det skjer. Me er overtydde om at Erlend blir eit solid tilskot til mannskapet vårt, seier redaktør Elliott.

Har søkt tidlegare

Erlend har søkt på jobb i Strilen tidlegare, utan å nå heilt opp. Det siste året har han studert Film- og TV-produksjon på Universitetet i Bergen, og han har heile tida halde kontakten og teke journalistvakter for Strilen og Vestnytt på Sotra.

– Erlend har gjort det rette. Praktikantar og andre ferske journalistar som held kontakten og er tilgjengelege for vakter og oppdrag, har stor sjanse til å få jobb, sjølv om det er nedbemanning i mange avishus. Lokalavisene er framleis på jakt etter flinke og arbeidsvillige folk, seier Ivar Myklebust Longvastøl, leiar for Nynorsk avissenter (NA).

Erlend var bachelor i medievitskap før han kom til NA, Firda og Førde i august for to år sidan. Han vart vekt som journalist då han melde seg til teneste i Studentradioen i Bergen. «Studentradioen har for meg vore ei utfordring, leikety og portal til det journalistiske», skreiv han i søknaden til Nynorsk avissenter.

Eit språkleg sidesprang

Knarvik har to lokalaviser som begge dekker kommunane i Nordhordland. Strilen og Avisa Nordhordland, på kvar si side av E39, er to jamstore redaksjonar som konkurrerer knallhardt om lesarar og annonsekroner. Begge vert redigerte på nynorsk, men det er ingen tvil om at nynorsken på denne delen av Strilelandet, knapt tre mil frå Torgallmenningen, er pressa og påverka av bokmål.

Her kan du lese om korleis det gjekk då Erlend prøvde å bytte frå nynorsk til bokmål, under overskrifta «Språkleg sidesprang». 

Publisert 1. august 2017