Martin skriv om statistikk

Martin Årseth gjekk på Nynorsk avissenter vinteren 2017. No er han på plass i Statistisk sentralbyrå. Foto: Bent Are Iversen

– Det er utruleg kjekt å vera i ein institusjon som har så mykje autoritet. No i desse fake news- og faktasjekk-tider, er det fint å jobba hjå dei som leverer beinharde fakta, fortel Martin Årseth. 

Martin var praktikant i kull 8 i Nynorsk avissenter, vinteren 2017. No jobbar han på desken i Statistisk sentralbyrå (SSB), i eit vikariat. Martin er 29 år og stolt stril. Han kjem frå Alversund i Nordhordland.

Altmoglegmann

Etter fire månader i Firda og Førde, hadde Martin to månader ekstern praksis i innanriksredaksjonen i Klassekampen, alt som ein del av opplæringa i Nynorsk avissenter. Martin har tidlegare jobba i Vest-Telemark blad og i Nynorsk pressekontor. Han er bachelor i historie, og han har vore bryggesjauar på tørrfisklager, lærarvikar, portør, bartendar og altmoglegmann.

Han er glad i historie, tal, alle slags statisikkar, gjerne av det sære slaget, og i fakta.

Spissar og pussar på språket

Martin skriv dette om jobben:

«Eg jobbar mest med å redigera tekstar statistikarane skriv. Alle statistikkar har ein følgjetekst skriven av dei som jobbar med den statistikken, og så skal eg spisse og pusse på dei for å gjera tekstane meir tilgjengelege. Det er ei satsing i SSB. Eg redigerer tekstar både på nynorsk og bokmål, men eg merkar godt kor viktig nynorskkunnskapen er sjølv når eg redigerer tekstar på bokmål. Aktivt språk med mange verb, slik nynorsk er, gjer bokmål betre òg. Og så skriv eg noko sjølv, som er meininga at skal vera interessante tekstar om statistikkar som finst i statistikkbanken til SSB. Det er jo utruleg mykje informasjon i den banken med statistikkar, og det har SSB lyst til å visa fram, slik at folk kan grava sjølv etter det dei er interesserte i.»

Kva synest Stortinget om Beyoncé?

Martin Årseth hadde sommarjobb i Framtida.no, der han mellom anna stilte alle stortingsrepresentantane spørsmål om kva dei synest om Beyoncé.

Publisert 13. september 2017