Tormod Ytrehus

Tormod Johnsen Ytrehus, 25 år, frå Orkdal/Trondheim. Foto: Bent Are Iversen

Det er den draumen

Arbeidslivet er det sterkaste sosiale limet. Ikkje at det er laga av gamle øk. Heller det Aasmund Olavsson Vinje kalla «størkna mannesvette» – hardt arbeid og som regel litt moro. Arbeidslivet er noko som angår alle, anten ein står innanfor eller utanfor. Det kan samle folk, men det kan også splitte folk. Nokre har kjempa seg inn, andre hamnar utanfor i ung alder. Nokre går på NAV, andre går på arv. For nokre er det eit sterkt nettverk som dreg ein inn i arbeidslivet, for andre er det eit resultat av årevis på skulebenken.

Sjølv har eg vore student, parkarbeidar, vaskar, butikkarbeidar og organisasjonsarbeidar. I daglegvarebransjen har eg hatt fleire unge kollegaar som har venta på lærlingplass innanfor heilt andre yrke. Sjølv vurderte eg fagbrev, men blei skremt bort etter å ha lese altfor mange artiklar om varsla automatisering av yrke som mitt. I tillegg til at fast jobb sannsynlegvis låg langt fram i tid. Det er trass alt enklare å fylle opp vaktlista med fleksible studentar enn å skrape saman ei heiltidsstilling.

Derfor kastar eg meg gjerne over eit tilbod der ein kan lære mens ein jobbar, av folk med årelang praktisk erfaring. Desse moglegheitene finst det dessverre ikkje mange igjen av. Dei som heller ønskjer å lære på jobben har ein trongare inngangsport til arbeidslivet. «Det er den draumen me ber på, at noko vedunderleg skal skje, at ein skal få fast jobb og pensjonsordning utan masteroppgåve,» har Olav H. Hauge ikkje skrive. Men kanskje ville han ha skrive det i dag.

Seriefråtsarar

Rommet er mørkt. Ansiktet ditt ligg bada i det blå lyset frå dataskjermen. Du veltar deg i sofaen, eller kanskje senga, mens episode etter episode av «Friends» går uavbrote framfor dei blodskotne auga dine. Kjenner du godt etter, kan du kjenne hjernecellene dine døy i jamn og stødig fart. Kjenner du deg igjen?

Etter at strøymetenester slo gjennom har omgrepet «binge watching» («seriefråtsing» på norsk) blitt allemannseige. Dei nye strøymetenestene braut radikalt med lineær-tv sine vekevise pausar mellom kvar episode av ein tv-serie. Når plattforma var Internett og inntektene var abonnement, kunne ein like gjerne sleppe alle episodane på ein gong.

Innhald og distribusjon blitt tilpassa «nye sjåarvanar», seier ekspertane på medieutvikling. Men er det sjåarane som har tvinga fram desse endringane? Teknologiske endringar har gjort samfunnet meir «flytande», som ein sosiolog ville ha sagt. Samfunnet og liva våre har færre faste rammer.

Strøymetenestene passar såleis inn i denne utviklinga. Mange har ein meir «fleksibel» arbeids- og kvardag, som gjer at dei vil ha underhaldninga utanfor lineær-tvs «prime time». I tillegg har ein eit hav av underhaldning ved fingerspissane, gjennom tilgang på Internett. TV-kanalane kan ikkje lenger servere middag til fastsette tid. Folk skal sjølv plukke ut kva ein vil sjå og høyre frå ein omfattande meny.

Men med all framgang, finst det som regel ei bakside. Iallfall for oss småbitre nostalgikarar. For er det ikkje noko høgtideleg ved å måtte vente ei veke i spenning før favorittserien kjem på skjermen til eit fastsett tidspunkt? Noko flott med vissa om at fleire hundre tusen nordmenn sit benka saman med deg for å sjå på same tv-serie som deg sjølv? Å ha eit samtaleemne på jobben eller skulen dagen etterpå?

Er det ikkje litt digg å kjenne på å vere ein del av ein fellesskap, i staden for å vere ein einsam «mediekonsument»?

Kanskje vi skulle gått meir på kino?

Kulturfetisjen

Eit indianarkostyme har fått mykje merksemd den siste tida. Debatten har gått i om det er greitt at finansministeren kledde seg ut som ein indianar på kostymefest i Finansdepartementet. Uskuldig moro eller simpelt tjuveri av kulturen til eit urfolk?

Debatten er på mange måtar typisk for både landet vårt og det vestlege samfunnet. Tidlegare snakka ytre høgre om å verne den ariske rasen. No snakkar dei om å verne den nordiske kulturen. Ytre venstre brukte å snakke om klassekamp, men no snakkar dei mest om indianarkostyme. Og i sentrum har det blitt veldig populært å snakke om koselege verdiar som forsvinn når ein slår saman kommunar.

Om ein bruker kino- og teatertilbodet i fylket og Førde, har ein i tillegg kunne fått med seg to verk som tek for seg kulturell konflikt. Teaterstykket «Invasjon! » tek for seg identitetsproblema som oppstår av forventingane til folk med innvandrarbakgrunn. Kinofilmen «Hva vil folk si? » tek for seg ein tragisk dragkamp mellom norsk og pakistansk kultur, opplevd frå ein andregenerasjons innvandrar sitt perspektiv.

I begge stykka blir hovudpersonane avkrevd eit val. Anten frå familie eller omgangskrets. I det moderne samfunnet skal du velje identiteten din sjølv. Når du står i eit krysspress mellom ulike grupper, opplever ein det som frustrerande og urimeleg. Vi må sjølvsagt ta oppgjer med kvinneundertrykking i muslimske miljø. Eller muslimhets i kommentarfelt på nett. Men kor konstruktiv er den norske fetisjdyrkinga av kultur? Er det avgjerande at vi tek valet mellom bunad og burka, eller brunost og bønnerop. Er det verkeleg desse tinga som definerer oss som grupper og individ?

I staden for å fokusere på det som splittar, burde vi fokusere på det som samlar oss på tvers av religion og etnisitet. Det kan vere at vi lever i eit samfunn med sterke demokratiske institusjonar, med eit velfungerande retts- og utdanningssystem. Eller at nordmannen, polakken og muslimen har felles interesser på arbeidsplassen. Moglegheitene er mange.