Per Lønning

Per Lønning er 25 år og frå Stord i Sunnhordland. Praktikant på Nynorsk Avissenter, kull 10. Foto: Bent Are Iversen

Poesi og hjartespråk

Eg voks opp i ein heim med ein konservativ nynorsk. Sjølv om eg lærte meg å snakka stordamål, vart dialekten min sterkt påverka av skriftspråket, mellom anna på grunn av ein far som var målmann og norsklektor. I heimen hende det tidt og ofte at me retta på kvarandre når nokon tala feil, noko som førte til mange gode samtalar om språk. I dag er eg svært takksam for den praksisen.

Eg byrja å lesa dikt for fyrste gong i 2. klasse i grunnskulen, i samband med ei framføring elevane i klassen skulle ha for foreldra sine. Eg stotra meg gjennom nokre verseliner og hausta høfleg, men ufortent applaus. Mor mi skjemdest nok meir over sonen sin enn eg gjorde over meg sjølv. Men ei endring var i emning. Og i åra som kom, deklamerte eg frimodig dikt føre store forsamlingar.

Det er sant som det vert sagt, at nynorsk er eit poetisk mål, og at ingen kjærleik er vakrare enn den som ovrar seg på nynorsk. Og kom ikkje og sei at ikkje nynorsk òg er ein kvass reiskap til å uttrykkja meiningar om dagsaktuelle tema i kongeriket! Det følgjande «programmatiske» diktet skreiv eg i ein poesitime i banditt-tida mi på Stord ungdomsskule: «Du skal ikkje dilta i saudeflokk / og følgja motar og trendar. / Du skal ikkje sutta på narresmokk, / men tenkja djervt mellom frendar!»

Og kvifor hamna så eg frå Stord her i Førde? Kanskje gjev diktet du nettopp las, litt av svaret?

God helg til lesarane!