Close

Full fart som frilansar

Del innlegg

Elise Løvereide frå Stavanger hadde bokmål som hovudmål då ho kom til Nynorsk avissenter i januar 2016. Foto: Bent Are Iversen, Firda 

Av Elise Løvereide, statsvitar og frilansjournalist

Eg kom til Nynorsk Avissenter som nyutdanna statsvitar og med ei litt uklar retning på framtida. Eg visste at eg var samfunnsengasjert, skriveglad og at eg ville bli journalist, men eg visste ikkje så mykje om sjølve yrket.

Mange arbeidsgjevarar

Under praksisperioden gjekk eg langt utanfor mine komfortsoner, eg blei utfordra på alle plan og eg lærte utruleg masse. Etter Nynorsk avissenter fekk eg eit sommervikariat i Bergens Tidende, der eg tidlegare hadde vore praktikant. I september 2016 fekk eg eit vikariat i Framtida, og er framleis journalist her, med unntak av eit halvt års vikariat i vekeavisa Dag og Tid i 2017. Ved sida av Framtida og Dag og Tid har eg levert saker jamt og trutt for Bygdanytt, og i tillegg vore inne som tilkallingsvikar i Avisa Nordhordland. Stundom har eg også levert artiklar til ulike tidsskrift. Framover skal eg dessutan skrive frilans for Kilden Senter for kjønnsforskning.

Nynorsk opnar dører

Dei siste to åra har eg altså hatt vikariat og ulike oppdragsgivarar som frilansar. Det har vore veldig hektisk, med varierande løn og kortvarige kontraktar. På den andre sida har eg utvida nettverket mitt og bygd meg opp mykje erfaring. Med få unntak har eg halde fram med å bruke nynorsk som arbeidsspråk. Eg har fått høyre fleire gongar at det er ein stor fordel at eg kan skrive nynorsk. Å lære dette språket har for meg opna mange dører inn i arbeidslivet.

Publisert 22. februar 2018