Frå store djup til grunne skjer

Erlend var på jobb då kong Harald besøkte havlaboratoriet i Bergen og fekk makrell. Foto: Torny Aarbakke

Av Erlend Astad Lorentzen, kommunikasjonsrådgjevar i Havforskingsinstituttet

Jobben min er å fortelje om spennande fenomen frå store djup og grunne skjer.

Å fortelje folk flest om kva Havforskingsinstituttet forskar på, og kanskje viktigast kvifor. Dette passar ypparleg for ein eigersundar fødd med nasen over bryggekanten, no oppvaksen til sportsfiskar.

Nyheitssniffing

Eg brukar metodar frå journalistikken, slik som nyheitssniffing, kjeldepleie, intervjuteknikk og nøktern forteljarstemme. Vi formidlar gjennom tekst, foto og video i våre eigne kanalar, og ved å tipse media om gode saker.

Solid språkmiljø

Kommunikasjonsavdelinga er framoverlent og kompetent. Vi er også eit solid språkmiljø som brukar nynorsk aktivt, for eksempel i sosiale medium. Nynorsk går særs godt saman med den enkle og presise tonen formatet krev.

Nynorsken hjelper meg elles med å formidle tung materie. Kansellistil er ikkje like velkommen der som i andre skriftsspråk. Å sitere forsking og forskarar på nynorsk, kan derfor vere ein fordel. Forskarar flest set stor pris på å bli forstått!

Publisert 22. februar 2018