Close

Møt ungfolen i Strilen

Del innlegg

Pynta til fest. Etter halvtanna år fekk Erlend Nordland Kristiansen fast jobb i aviso.     Privat bilde.  

Av Erlend Nordland Kristiansen, journalist i Strilen

Etter å ha jobba i (laber) betalt frilansjobb i lokalavisa i halvtanna år stilte eg sjefen ultimatum då det opna seg ei ledig stilling. Og jaggu var det plass til ein ungfole i redaksjonen på fast basis.

Eg har ikkje fått aviso

Sjølv om eg kjende avisa frå før av, er det likevel noko heilt anna å starta opp i full stilling. For i ei lita lokalavis er det ikkje berre intervju, politilogg og nettrafikk som gjeld. Det er også brent kaffi, frankeringsmaskin, e-postkaos, «eg har ikkje fått aviso» og vittige spøkar om at me berre skriv om basarar.

Lærer bort digitale verktøy

Som redaksjonens klart yngste har det falle meg naturleg å ta ansvar på nokre felt meir enn andre. Forutan å lage gode saker er eg heile tida på kollegaene mine for å lære dei snarvegar, digitale verktøy og appar.

Tjue år gamle skrivefeil

I tillegg prøver eg å luka vekk skrivefeil som er innarbeidd gjennom tjue år. Ordboka er eit must for å utvikla meg vidare i eit bokmålsdominert landskap. Lesarar flest er flyktige og bryr seg lite om å gi tilbakemeldingar, enten det er skrivefeil eller journalistikk. Det stiller ekstra krav til meg om eg skal utvikla meg vidare. Men som det heiter på godt nynorsk: So far, so good!

Publisert 27. februar 2018