David Sviland

David Sviland, praktikant på Nynorsk avissenter hausten 2018 (Kull 11). Foto: Bent Are Iversen

Bort frå vinkelhjernane i Oslo

Det er laurdag då vestavinden tek tak i bilen min på Filefjell. Etter sju år i Oslo er eg endeleg på veg til Vestlandet att. Idet eg kryssar fylkesgrensa slår regnet mot frontruta og eg skrur musikken høgare, trør gasspedalen djupare. Vatnet sprutar frå fjella og fjordane skvulpar mot land medan eg manøvrerer bilen smidig gjennom svingane mot Førde og praktikantplass hjå Nynorsk avissenter.

Sjølv om eg er rogalending, kjennest det som eit «homerun». Eg har sakna det fuktige og uføreseielege Vestlandet, og vinkelhjernane i Oslo kan segle sin eigen fjord no. Eg trur på teorien om at vêr og landskap formar oss, og eg har mine idear om kva regnet, isbreane og dei bratte fjellsidene har gjort med dykk sogningar og fjordingar.

Om fordommane mine stemmer, står att å sjå. Det er berre å førebu seg på ein innpåsliten rogalending med skriveblokk og dumme spørsmål – dei er nemleg ofte dei beste