Hilde Greve Mo

Hilde Greve Mo, praktikant på Nynorsk avissenter hausten 2018 (Kull 11). Foto: Bent Are Iversen

Fugl er fugl

Ein skarp og skremmande lyd kjem som ein knyttneve inn i øyra. Eg prøver å orientera meg, men det slørete synet fungerer verken som kart eller kompass. Samstundes brer det seg eit ubehag i kroppen. Nei, vent! Er eg blitt lam?

Eit halvope auge skodar mot nattbordet. Lyden forsvinn ikkje. Det vert jobba på høg-spreng for å få høgre armen til å strekka seg mot eit blinkande og vibrerande framand- objekt. Resten av kroppen er framleis kraftlaus. Det er berre ein måte å få avslutta den pågåande bombedetonasjonen på. Eg må svara på telefonen.

I forsøket på å mana fram eit ord kjem det berre eit grynt. I den andre enden spør ei altfor lystig stemme: «Du søv vel ikkje? Klokka er 10.30!» Nei, sjølvsagt ikkje, svarar eg snurt attende, men påpeikar likevel at det er laurdag. Vedkommande held fram med å fortelja alt ho har gjort frå ho stod opp og fram til no. Informasjon som eg ikkje har etterspurt.

«Morgonen starta med ei styrkeøkt på treningssenteret. Deretter for eg heim og vaska leilegheita til både meg og naboen. No sit eg og løyser eit kryssord på japansk.» Eg gjespar djupt og høgt.

Det streifar ikkje henne som jattar i telefonen at i dagens a-menneskesamfunn går fleire av oss rundt med kronisk søvnmangel. Kvar morgon er ein kamp for tilværet. Det er berre i helgane eg får følga min eigen døgnrytme. Dei av oss som høyrer til b-gjengen, får dessutan berre skremmande forsking slengt i fanget. B-menneske er nemleg meir utsette for psykiske plager, vektauke, hjarte- og karsjukdommar og anna styggedom.

Frå eit a-menneske er det ikkje noko sympati å få. Difor kjem eg med ei dårleg orsaking om at eg må legge på før ho får spurt om kva eg har gjort på denne laurdagsformiddagen. For ein ting skal du vita: Mange nattugler nektar å innrømma overfor morgonfuglar at me ikkje er av same art. Fugl er fugl, i alle fall når det er helg. Eg legg meg til å sova att.

Naudsynt innvandring

«Du er den einaste eg kjenner som har valt Førde framfor København», skreiv ein norsk kollega i avskjedskortet mitt. Det ho nok ikkje forstod, var at i Kongens by heldt eg på å mista min integritet som systrending.

Å høyra seg sjølv ytra ord som «jeg» og «god weekend», å skriva på bokmål og aldri få stiga opp på ein imponerande tindetopp, gjev få, om nokon, positive helseeffektar for ein sogning.

Resepten kom heldigvis i siste liten. Takka vera ein arbeidskontrakt med Nynorsk avissenter kunne eg stolt møta opp på Folkeregisteret og på lovleg vis «innvandra» attende til Trivselsfylket.

Nei, Førde kan ikkje samanliknast med storbyen København. Likevel tykkjer eg at høvet eg no får til å prøva journalistyrket i nynorsken sin vidgjetne metropol er midt i blinken for meg!

Men integriteten min er enno ikkje heilt «på plass». Verken fysikken eller nynorsken min står ikkje heilt i stil til den gjennomsnittlege vestlendingen. Difor kjem eg no til å snigla meg opp på Hafstadfjellet i eit flautt tempo, medan eg snikles glosar i nynorskordboka.