Treng vi norsk, var spørsmålet på språkkonferansen – sjå video

I Førde var det nasjonal språkkonferanse 1. november. Som ein del av programmet laga praktikantane på Nynorsk avissenter og Nynorsk mediesenter ein video i løpet av dagen – alt filma og redigert på iPhone. Temaet var: Treng vi nynorsk? Videoen vart vist for konferansedeltakarane på slutten av dagen, og alle praktikantane måtte fram på scena for å bli presentert.