Close

Kull 12: Dei fire utvalde

Del innlegg

Fire nynorskpraktikantar har fått plass i kull 12 og startar på seks månaders opplæring 3. januar. Dei fire er (frå venstre) Synne Grimen Hammervold, Pernille Fjørtoft Grøsvik, Sindre Camilo Lode og Marte Husabø. Sjølv om den eine har Oslo som bustadadresse, er alle fire oppvaksne på Vestlandet og har røter i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Tre kvinner og ein mann betyr at det etter 12 kull vil vere 31 kvinner og 19 menn som har vore praktikantar ved Nynorsk avissenter sidan starten i 2013.

Synne (1992) er tilbake i Kaupanger i Sogn etter å ha studert engelsk i både Noreg og England. Sidan tidlege år har ho hatt eit stort engasjement for skriving, både kreativt og journalistisk. Det har ho fått utløp for gjennom skuleaviser på ungdomsskule og folkehøgskule, og seinare som ein del av redaksjonen i Studvest ved Universitetet i Bergen. Sist sommar fekk ho endå meir journalisterfaring i nettavisa Framtida.

Også Pernille (1994) har studert både heime og ute, i Chile. Hennar utdanning er innan spansk og samanliknande politikk. Ho vaks opp på Osterøy og bur no i Bergen. For tida arbeider ho for FN-Sambandet som prosjektleiar. I haust skreiv og publiserte ho eit større programblad for den internasjonale veka i Bergen, og det gjorde ho på nynorsk. Det er første gongen bladet med 6500 i opplag ikkje kom på bokmål.

Sindre (1988) er frå Ålgård i Rogaland, men har budd i Oslo siste sju åra. No vil han pusse støvet av nynorsken og bli journalist. Faget tekstforfattar og skribent har han studert i Oslo før han dei to siste åra gjekk på Forfattarstudiet i Tromsø. I dag arbeider han som tekstforfattar i eit marknadsføringsbyrå, men draumen er journalistikk. Frå tida i VG-sporten fekk han kjenne på harde deadlines og samtidig levering i forskjellige format. Det har gitt meirsmak.

Marte (1991) kjenner mediebransjen heilt frå oppveksten i Leikanger i Sogn. Til Nynorsk avissenter kjem ho frå jobb som kundekonsulent i TV 2, der arbeidsoppgåvene er mellom anna innhaldspromotering, tekstproduksjon og utvikling av kampanjar. Ho har vore busett i Bergen dei siste seks åra. Ho er utdanna medievitar og grafisk designar. Innan grafisk produksjon har ho fått prøvd seg i sommarvikariat i Sogn Avis, men no er det journalistikken som lokkar.