Ekstra kursplassar for mediefolk våren 2019

Vi inviterer redaksjonelle medarbeidarar frå aviser og NRK til gratis kurs i Førde våren 2019.

Dette er kurs for praktikantane i Nynorsk avissenter (i Firda) og NRK Nynorsk mediesenter (i NRK Sogn og Fjordane), men vi har nokre ekstra plassar for etablerte journalistar og redaktørar på dei kursa de finn under her.

Heile 30 kurs skal praktikantane i Nynorsk avissenter gjennom denne våren. Mange er dagskurs og endå kortare kurs, og fleire er først og fremst retta mot praktisk arbeid i Firda Media. Men andre kurs har så allmenn interesse at dei bør vere aktuelle også for etablerte mediefolk.

Tal plassar er avgrensa, så det gjeld å vere rask med påmelding til Kjell Ove Nordeide. Ta gjerne kontakt for meir informasjon om kursa og også viss det er spørsmål etter andre kurs enn dei som er nemnde her:

Måndag 14. januar kl. 08.00-15.30, Firda Media:
Språket vårt
ved Rune Fossum Lillesvangstu, NRK Nynorsk mediesenter, og Kjell Ove Nordeide, Nynorsk avissenter. Kva språklege utfordringar møter nynorskskrivande journalistar?

Tysdag 15. januar kl. 09.00-15.30, Firda Media:
Korleis bruke fotoapparatet
ved Bent Are Iversen, fotojournalist i Firda. Praktiske øvingar og innføring i Photoshop.

Onsdag 16. januar kl. 09.00-15.30, Firda Media:
Korleis utnytte funksjonane i Lightroom
ved Bent Are Iversen, fotojournalist i Firda. Praktiske øvingar.

Måndag 21. januar kl. 08.00-15.30, NRK Sogn og Fjordane:
Kjelder til stoff
ved Asgeir H. Reknes, journalist i NRK Sogn og Fjordane, og Rune Fossum Lillesvangstu, NRK Nynorsk mediesenter.

Torsdag 24. januar kl. 09.00-15.30, Firda Media:
Fotojournalistikk
ved Bent Are Iversen, fotojournalist i Firda. Praktiske øvingar.

Måndag 28. januar kl. 09.00-15.30, NRK Sogn og Fjordane:
Intervjuteknikk
ved Erlend Blaalid Oldeide, journalist og programleiar i NRK Sogn og Fjordane. Stiller du dei rette spørsmåla? Øvingar.

Måndag 4. februar kl. 09.00-12.00, Firda Media:
Når kjeldene byr opp til dans
ved Helge Johnsen, politisk journalist og kommentator i Firda. Korleis få ut dei gode sakene utan å bli mikrofonstativ for makta.

Måndag og tysdag 11.-12. februar kl. 09.00-15.30, NRK Sogn og Fjordane:
Journalistikk med mobiltelefon
ved Gunnar Grønlund i NRK Kompetanse. Filme, redigere og publisere rett frå iPhone.

Måndag 18. februar kl. 09.30-15.30, NRK Sogn og Fjordane:
Sosiale medium i praksis
ved frilansfotograf Signe Fuglesteg Luksengard i NRK.

Måndag 25. februar kl. 09.00-15.30, Firda Media:
Digital programvare og digitale forteljemåtar
ved Frode Grimelid, journalist i Firda. Verktøy og moglegheiter.

Måndag 11. mars kl. 09.00-15.30, NRK Sogn og Fjordane:
Den gode featuren – tett på kjeldene
ved Tone Merete Lillesvangstu, journalist og programleiar i NRK Sogn og Fjordane. Om å skrive langt og arbeidet i kulissane.

Måndag 18. mars kl. 09.00-15.30, Firda Media:
Presseetikk
ved Svein Brurås, professor ved Høgskulen i Volda og forfattar av lærebøker om presseetikk. Ver Varsam-plakaten, døme og diskusjon om vanskelege saker.

Måndag 1. april kl. 09.00-15.30, NRK Sogn og Fjordane:
Kritisk til makta
ved Simon Solheim, vaktsjef NRK Direkte og tidlegare reporter i NRK Brennpunkt. Tips til den som vil drive gravejournalistikk.

Fredag 12. april kl. 09.00-15.30, NRK Sogn og Fjordane:
Podkastdag med Ingvild
ved Ingvild Nave, journalist i Bergens Tidende, tidlegare nynorskpraktikant og NRK-journalist. Korleis jobbe med podkast i kvardagen.

Lista vert oppdatert etter kvart som nye kurs vert tidfesta.

FØRSTE KURSDAG: Arve Sandal inspirerer ferske praktikantar på deira andre dag ved Nynorsk avissenter og NRK Nynorsk mediesenter i Førde 4. januar.