Karen Anna til fast jobb i TV 2

TV 2 melde i går at Karen Anna Kleppe frå Kvinnherad har fått fast journaliststilling og skal jobbe i innanriksredaksjonen til TV 2 i Bergen.

Karen Anna Kleppe frå kull 9 ved Nynorsk avissenter hausten 2017 hadde praksistida si i Kvinnheringen, der ho sidan har vore tilsett som journalist.

– Å få fast stilling i eit nasjonalt medium som TV 2 ser eg på som ein fantastisk sjanse på alle moglege måtar, seier Kleppe i pressemelding frå TV 2.

– Elles er eg spent på heilt nye oppgåver og sikkert ein bratt læringskurve. Men først og fremst er eg veldig klar for å gjera ein så god jobb som mogleg saman med nye kollegaer på ein ny og spanande arbeidsplass. Dette gler eg meg til.