Synne Grimen Hammervoll

Verda i lomma

I slutten av januar skreiv NRK om Mats, og foreldra som ikkje forstod kva gaminga betydde for han. Ikkje før han døydde og vener frå heile verda kom i gravferda. Saka er den best lesne nettsaka til NRK nokosinne, og skal omsetjast til engelsk for BBC. Det er ein grunn til at den treffer folk så godt.

Den treffer fordi mange kjenner seg igjen, anten det er i Mats eller foreldra. Anten det gjeld gaming, eller andre måtar å møte folk over nettet på. Saka treffer fordi mange veit at sjølv om avstandane er store, har verda blitt ufatteleg lita.

Sjølv kjente eg meg igjen i Mats. Eg har aldri drive med gaming, men eg var del av eit nettsamfunn for skriveglad ungdom. Der trefte eg andre som delte mi interesse på ein måte eg ikkje gjorde i kvardagen. Nokre av dei fekk eg møte i verkelegheita.

I dag har eg vener overalt. Nokre i heimbygd og omland. Fleire i Bergen, i Oslo og resten av Austlandet. Eg har vener på Lesja, i Trondheim, i England og Frankrike. Dei er berre tastetrykk unna. Dei lever på Snapchat, Instagram og i Messenger.

Det finst eldre som klagar over dagens unge som berre sit på mobilen og ikkje er sosiale. Som ikkje ser at der, i hendene deira, held dei handa til ei veninne som har det vanskeleg. Som skriv at alt vil gå bra, at dei er der for henne, at ho berre må ringe.

Eller kanskje dei vinkar til ein gamal ven. Spør korleis det går. Seier lenge sidan sist. Kanskje er det berre ei melding med «Er på bussen. Ser deg snart».

Eller kanskje dei les om Mats og venene hans. Og tenkjer: kor fint er det ikkje at vi har denne moglegheita? At eg kan følge med på livet til nokon på andre sida av verda. At det har blitt så lett å halde kontakten med gamle kjente. At menneske kan knyte band på tvers av mil og landegrenser, gjennom skjermar som får plass i lomma. For så lita er verda.

Sogning i storbyen

Trass i at eg er oppvaksen på ein liten gard på Kaupanger i Sogndal, har eg alltid vore meir byjente. Difor søkte eg etter vidaregåande skrive- og lesegleda i fleire forskjellige byar, frå Kristiansand i sør, til York i England, før eg lengta heim til Vestlandet og budde i Bergen i tre år. Der fann eg meg til rette som studentjournalist i Studvest. Det gav meirsmak, og eg bestemte meg for å satse vidare. Då var Førde den rette staden for ei journalistspire med nynorsk som morsmål.

Dei siste dagane har eg lært mykje om denne snåle staden. Som at alkoholsalet i butikkane stengjer heile to timar tidlegare enn andre stader. Og at eg gjorde ein grov feil då eg gløymde å pakke regnklede, sidan det visstnok regnar meir her enn i Bergen.

Og meir skal eg lære. Ikkje berre om Førde og Sunnfjord, men òg om journalistikk og nynorsk. Og korleis ein fangar sunnfjordingar på kamera, noko som ifølge mi venninne frå førre praktikantkull ikkje alltid er lett. Som ho sa: «Gled deg til fem på gata. Sunnfjordingane spring vekk når dei ser deg med kamera.» Kanskje ein berre må vere veldig rask?

So sit eg her, ein sogning på feil side av fylket. Men eg slepp i alle fall unna alle saftkokarane og friluftsfolka. Og eg kan framleis seie at eg aldri har flytta til ei bygd. For sjølv om Førde kanskje ikkje er verdas metropol, har dei i det minste bystatus.