Ingunn og Elise prøver seg på nye felt som traineear

BILDET: Ingunn Gjærde (t.v.) og Elise Løvereide framfor nybygget til høgskulen på Kronstad i Bergen. Dei to journalistane, som no jobbar for nye Alver kommune og for Høgskulen på Vestlandet, fortel om livet i kommunikasjonsbransjen. Foto: Privat

Vi starta begge journalistkarrieren i Nynorsk avissenter. I dag har vi gått over til kommunikasjonsbransjen takka vere trainee-programmet til Bergen Næringsråd.

Av Elise Løvereide (Høgskulen på Vestlandet. Praktikant i Nynorsk avissenter våren 2016) og Ingunn Gjærde (Alver kommune. Praktikant i Nynorsk avissenter hausten 2016)

– Heilt sidan eg tråkka foten min inn i trappa på høgskulen (eg har heisskrekk), har eg blitt tatt godt imot på Høgskulen på Vestlandet (HVL). Både eg og Ingunn jobbar med nye organisasjonar som blir slått saman av gamle. I hennar tilfelle er det kommunar, i mitt tilfelle er det høgskular, fortel Elise.

Sidan HVL har campusar over heile Vestlandet, inneber det at arbeidsspråket ofte går føre seg på nynorsk. Det Elise først lærte av nynorsk i Nynorsk avissenter, får ho framleis godt utbytte av, tre år seinare. Ingunn jobbar med nye Alver kommune, og nyttar nynorsk i all kommunikasjon internt og eksternt.

Ulande sirener og nybygg

– Det er utruleg spennande å få vere med å byggje Alver kommune. 1. januar 2020 skal Lindås, Meland og Radøy bli éin kommune. Eg har blitt kjent med utruleg mange hyggjelege kollegaer og eg fekk tillit og ansvar frå første stund. Eg jobbar mykje med internkommunikasjon og har blant anna gjennomført ei spørjeundersøking blant alle tilsette. I tillegg er eg webredaktør for nettsida Vi byggjer Alver. Den fekk eit stort løft på innhald og layout i haust, som eg hadde ansvar for, seier Ingunn.

Ho følgjer og politikarane i fellesnemnda og produserer tekst, bilde og video til nettsida. Sist ut er ein informasjonsfilm med brannmenn og ulande sirener, om eit nytt samarbeid mellom brannverna i Nordhordland. Elise arbeider og med nettsider, videoproduksjon og stundom med sosiale medium. God forskingsformidling er ein viktig bit av arbeidet hennar ved høgskulen.

– Frå oktober av fekk eg dessutan rolla som kommunikasjonsmedarbeidar i eit nyoppretta campusutviklingsprosjekt. Dette er eit prosjekt som byrja i samband med nybygget som kjem på Kronstad i 2020. For det meste jobbar eg med kommunikasjonsarbeid internt, slik at prosessen blir mest mogleg open og inkluderande, forklarer Elise, som synest det er svært stas å få eit så stort ansvar som trainee.

Begge dei tidlegare nynorskpraktikantane er å finne i kull 2018/19 i Trainee Vest. Etter fleire år som journalistar har dei to no valt å ta steget inn i kommunikasjonsbransjen.

Godt og tydeleg språk

Ingunn sa opp ein fast jobb som lokalavisjournalist for moglegheita i Bergen. Det var utlysinga til Trainee Vest som lokka dei over i nye stillingar. Bergen Næringsråd sitt trainee-program er svært populært, og blant 1200 søkarar er Elise og Ingunn to av 29 traineear.

– Vi har blitt kjente med mange traineear med varierte fagbakgrunnar i Bergen Næringsråd. Det er ein skikkeleg fin gjeng. Vi får besøke mange spennande bedrifter, og får tilgang på aktuelle og relevante kurs, som digital marknadsføring, innovasjon og konflikthandtering.

Som kommunikasjonsmedarbeidarar er godt og tydeleg språk viktigare enn nokon gong. Erfaringa frå Nynorsk avissenter og journalistikken er gull verd å ha med seg vidare inn i HVL, Alver kommune og Bergen Næringsråd.