Statusrapport: 50 har fått opplæring så langt

BILDET: Praktikantane våren 2019 på tur med dagleg leiar og lærar i Førde. Frå 1. mai skal dei ut i praksis; Sindre Camilo Lode i NRK Nyheter, Synne Grimen Hammervoll i Sunnmørsposten, Pernille Fjørtoft Grøsvik i Klassekampen og Marte Husabø i Firda. Foto: Bent Are Iversen

Godt over halvparten av dei 41 nynorskpraktikantane våre hadde ved siste årsskifte arbeid som journalist – fullt eller deltid, tilsett eller frilans. Til sommaren skal vi ha lært opp 50 nynorskbrukande journalistar sidan starten i 2013.

Meir om dette i statusrapporten, som du kan lese her: Statusrapport 2019-4