Dette er dei fem i kull 13

Fire kvinner og éin mann har fått plass i kull 13. Dei fem nynorskpraktikantane som går i gang med seks månaders journalistopplæring måndag 19. august, er frå venstre Karoline Nordgulen, Bergen, Peder Skjelten, Brattvåg, Emma Johnsen Rødli, Trondheim, Anne Sigrid Timberlid Hundere, Oslo, og Oda Heggedal Longvastøl, Trondheim. Adressene fortel meir om studiestadene enn kvar dei kjem frå. Tre har røtene sine i Sogn og Fjordane, dei to andre i Møre og Romsdal og Nordland.

Karoline Nordgulen,
fødd 1997 i Høyanger, valde å ta ein bachelorgrad i samanliknande politikk – rett og slett fordi ho alltid har vore interessert i journalistikk. Opp gjennom åra har ho reist mykje til familien sin i Chile. Det har gjort henne spesielt interessert i latinamerikansk politikk, men samfunnsengasjementet hennar spenner vidt. Denne våren går ho frå dør til dør og vervar Unicef-fadrar. Ved sida av lesinga på Universitetet i Bergen var ho sist haust praksisstudent i KS Hordaland og skreiv rapport om kommunereforma og kva følgjer denne har for lokaldemokratiet i tre ulike kommunar.

Peder Skjelten,
fødd 1992, er no tilbake i heimbygda Brattvåg på Sunnmøre, der han vikarierer som journalist i lokalavisa Nordre til over sommaren. Han har før reist rundt i landet som frilansjournalist og levert til mellom andre Sunnmørsposten og nettavisa Framtida. Sist sommar fekk han oppleve at nynorsk ikkje fell i like god jord hos alle lesarar då han hadde vikariat i Tidens Krav i Kristiansund. Frå NTNU i Trondheim har han bachelor i allmenn litteraturvitskap. I tillegg har han årsstudium i filmvitskap, og han har tatt fag innan leiing, lingvistikk, politisk teori, og britisk historie og kultur.

Emma Johnsen Rødli,
fødd 1992, kjem frå Brønnøysund i Nordland. Utdanning førte henne til Trondheim og NTNU, der ho denne våren tek master i nordisk språk og litteratur. Masteroppgåva handlar om det nye pronomenet «hen». Interessa for journalistikk kom tidleg, og siste åra har ho prøvd seg som skrivande og pratande journalist i studentavisa Under Dusken og i studentradioen Radio Revolt. Ho har vore redaksjonsmedlem og redaktør i tidsskriftet Riss. Elles har ho mellom anna undervist i norsk og vore læringsassistent ved NTNU.

Anne Sigrid Timberlid Hundere,
fødd 1994 i Sogndal, der ho allereie i tiårsalderen laga si eiga avis kalla «Dagens kvakk». No som ho snart er ferdig med ein master i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, er tida inne for å ta tak i journalistdraumen. Ved sida av studiet i Oslo har ho hatt verv som PR-ansvarleg for Arbeidslivsutvalet ved instituttet. Frå før har ho ein bachelor i administrasjon og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen. I masteroppgåva skriv ho om korleis norsk sentralforvaltning arbeider for å påverke utforminga av EU sitt fornybardirektiv.

Oda Heggedal Longvastøl,
fødd 1993, er frå Naustdal. Etter fotball og volleyball i Sunnfjord venta ski og surf ved Lofoten folkehøgskole. No studerer ho ved NTNU i Trondheim, der ho denne våren avsluttar eit femårig masterstudium i samfunnsøkonomi. Oppgåva hennar ser på om finanssektoren har noko av ansvaret for aukande skilnader mellom fattige og rike i mange land. Frå før har ho årsstudium i spansk og har hatt opphald i Nicaragua og Spania. Samfunnsengasjementet kombinert med kunnskap frå økonomi-, språk- og kulturstudium skal i sommar komme til nytte i journalistvikariat i Firda.