Close

Per Lønning (27) til Stord24

Per Lønning. Portrettbilder av praktikantar på Nynorsk Avissenter, kull 10 (Vår 2018).

Del innlegg

Per Lønning forlet Oslo og set kursen heimover til journalistjobb på Stord. Lønning gjekk i kull 10 ved Nynorsk avissenter våren 2018 og hadde praksistida si i Dagen i Bergen. Seinare har han redaksjonell erfaring frå ABC Nyheter i Oslo.

Når han no er tilsett som journalist i den vel to år gamle nettavisa Stord24, vender han på sett og vis tilbake til røtene sine. Både språket og slekta gjev han eit godt fundament når han skal skrive om lokalsamfunna på Stord og i Sunnhordland på heiltid.

– Eg gler meg til å bli betre kjend med heimstaden min, men på ein ny måte. Å bli kjend med nye miljø og sjå Stord frå ein litt annan innfallsvinkel er også noko eg ser fram til. Journalistyrket gjev meg då eit utmerkt høve til å gjere dette, seier han til Stord24.